Nikko NR519 - Nostalgiprosjekt

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    113
    Antall liker
    118
    Sted
    Arendal
    Fekk plutselig tak i ein orginal Nikko NR519 på Finn.

    Nikko NR519 var den første forsterker/receiver eg kjøpte ein gang i 1980, og denne har serienummer litt lågare enn den eg hadde. Den såg ut som orginalt, med noen små hakk i sideplater og eit lite i front, men ellers fin. Alle lamper virka, og det ser ut som bare ei av dei har vore bytta. Det var ingen "spraking" i noen potmeter, dvs volum, bass, diskant og balanse, så denne har ikkje vore mykje brukt.

    NR519 var minste receiver i ein serie, med utgangseffekt på 20W i 8ohm og 20W i 4ohm. Vi snakker altså om ein "underdimensjonert" forsterkar.
    Forsyningspenninga er på ca +/-30V, og om strømforsyninga hadde vore kraftigare så hadde den kanskje gitt 40W/8ohm og 70W/4ohm. Men dette var ein enkel måte å tyna mest mulig ut av dei komponentane ein brukte (spare penger).
    NAD gjøre det samme i dag, og kaller det dynamisk effekt. Feks min NAD C315BEE er oppgitt til 45W/8ohm kontinuerlig, men 90W/8ohm dynamisk. NAD'en har +/-45V forsyning og kunne gitt 100W/8ohm kontinuerlig om forsyninga hadde kunna gitt meir strøm...

    Så var det dei tinga som ikkje var så bra:
    -Av/påbryter var skeiv, og alle knottane satt veldig laust.
    Skrudde opp receiveren og testa/målte den og det er ein del forbedringspunkter her:
    -Tomgangsstrøm i utgang var henholdsvis 12 og 17 mA, noe som er for lite for emitterfølger-utgangstrinn, og det medfører overgangsforvrengning. Det er ingen potmeter for å kunna justera tomgangsstrømmen.
    -Ved volum på minimum så "lekker" det signal gjennom til effektforsterkaren.
    -Platespillerinngangen har 330pF inngangskondensator, noe som er alt for mye.
    -Det er bare 2x4700uF ladekondensatorer i strømforsyninga.
    -Effektforsterkaren har utgangstransistorar som bare toler 4A, og er "sikra" med 2,5A smeltesikring på utgangen.
    -FM delen gir veldig høgt utsignal (inn til volum/effektdel)
    -Loudness effekten er altfor "stor", dvs lyden blir både "tjukk" og "lys" på samme tid (resultat av at bassen blir forsterka for høgt i frekvens, og at diskanthevning er for stor)
    -Dårlige høgtalarterminaler. Desse er mildt sagt vanskelig å få skrudd kablar skikkelig fast med.
    -Hodetelefonutgang kobla til effektforsterkarutgang med 330ohm seriemotstand, noe som vil påvirka frekvensgangen på tilkobla hodetelefon
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    113
    Antall liker
    118
    Sted
    Arendal
    Så til modifiseringer som blei gjort.

    Skeiv av/på bryter skyldtest at ei plate med ein liten tapp som skulle inn i frontramme var satt på opp ned. Det kan se ut som noen har skrudd den frå kvarandre ein gang og så skrudd den feil sammen. I alle fall så turde eg ikkje å skru den frå kvarandre for eg var redd for å sitta med ein haug delar som skulle sammen igjen. Så løsninga blei å bøya tappen slik at det blei ei flate mot ramma og så skru av/påbryter fast i ramma og justera den riktig for så å fiksera den heilt med ein dråpe smeltelim. Det fungerte fint.

    Så bytta eg ein del kondensatorar bare for å vera sikker. Dei orginale såg ok ut. Se bilder under for dei som er bytta. I strømforsyning blei 4700uF/35V bytta med 6800uF/50V. Burde kanskje ha gått opp til 10000uF, men har vore borti før at for store kondensatorar på "liten" trafo ikkje alltid er så bra, så 6800uF blei eit slags kompromiss, og så skulle dei jo få plass der dei gamle stod.
    Inngangskondensatorane C701 & C702 blei bytta til 1 uF filmtype (røde på bildet), C513, C515, C514, C516 blei bytta til 10uF/35V bipolare el.lytt, C713, C714 bytta til 100uF/50V (desse er bootstrap kondensatorar og viktig at funger bra), C705 & C705 blei bytta til 100uF/50V. I tillegg så blei det montert 0,22uF over Q705 & Q706, frå kollektor til emitter (visest ikkje på bildet då dei er kobla på underside, bilde kommer). Dette er viktig for å få lågast mulig forvrengning, og det forundrer meg at det er "gløymt" her. Ellers så blei det kobla ein liten kondensator på 56pF i parallell med R703 & R704 på inngangen for ekstra filtrering av høgfrekvens-støy.

    Under er skjema for effektforsterkardelen. Bass/diskant tonekontrollane er ein del at tilbakekoblingskretsløpet, noko som er litt fiffig (sparer eit ekstra forsterkertrinn). Men det har sine ulemper sidan forvrenging vil auka når ein skrur bass/diskant på + pga redusert negativ tilbakekobling, samt at forsterkaren må kompenserast for låg totalforsterkning når ein skrur kontrollane på minus.
    Driver-transistorane er kobla direkte til utgang med R731&R733. Det burde kanskje i dette tilfellet ha vore ein liten kondensator på feks 1uF kobla mellom emitter på driverstransistorane for å forbedra høgfrekvensegenskapene, men då MÅ ein samtidig ha lagt den førnevnte 0,22uF (eller større), ellers risikerer ein å brenna av drivertransistorane når ein skrur på forsterkaren.
    1752941745757.png


    Under er bilde av effektforsterkardelen med nye/bytta kondensatorar (svarte og røde er dei nye).
    IMG_20250717_090136252.jpg
    .
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    113
    Antall liker
    118
    Sted
    Arendal
    Så tenkte eg at eg burde senka lys-styrken på lampene for å få lenger levetid på dei. Lampene er på 2,5W og er kobla direkte til trafo sin 8V utgang. Glødelamper trekker 5-10 gangen i strøm ved påslag, og det er dette som tar knekken på dei. 4 lamper med 0,3A gir 1,2A strøm (samla resistans på 6,7ohm når lampene er på, og 0,7-1,5ohm ved påslag). Eg kobla inn ein 10W motstand på 2,2 ohm. Det reduserer strømmen ved påslag til rundt 2A og til 0,9A i drift. Eg håper dette vil forlenga levetida så lenge at eg aldri trenger å bytta lampene. Det er fortsatt meir enn nok lys.
    1753006718317.png


    IMG_20250717_090146477.jpg
    IMG_20250717_090118247.jpg
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    113
    Antall liker
    118
    Sted
    Arendal
    Så var det utgangstransistorar og tomgangsstrøm. Utgangstransistorane er orginalt 2SD726 NPN, 2SB690 PNP. Desse klarar bare 4A kontinuerlig (8A peak) maks 40W tap, noe som er veldig lite. Ved 20W i 8ohm er spenninga ut 17,9V og utgangsstrømmen 2,23A. Ved 20W i 4 ohm er spenninga ut 12,7V og utgangsstrømmen er 3,2A. Så dette er på grensa av transistorane. Om forsterkaren feks klarer 18V i 4ohm i eit kort tidrom, så vil det gå 4,5A.
    Så eg bestemte meg for å se etter noen litt meir robuste utgangstransistorar, og det stod mellom MJE15028/29/MJE15030/31 (8A, 50W, 120/150V) og D44VH10/D45VH10 (15A, 83W, 80V). Valget falt på dei siste. Vurderte også å bytta drivertransistorar, men sidan desse klarer 300mA ut og strømforsterkninga til dei nye utgangstransistorane er såpass god, så droppa eg det. Bytta også ut sikringane på 2,5A med 4A.
    Det er alltid litt spenning med bytte av transistorar for kretsen kan potensiellt bli ustabil (sjølvsving) og tomgangsstrømmen kan endra seg.
    Bytte blei gjort og det gjekk bra, ingen sjølvsving, og pga at dei nye transistorane krever mindre Vbe for samme strøm så auka tomgangstrømmen til 24 og 34mA.
    34mA er bra for å unngå overgangsforvregning. Men eg måtte kobla ein 5,6kohm mostand i parallell med R729 for at den kanalen med minst strøm skulle
    koma opp på 34mA.

    IMG_20250717_090025548.jpg


    Ellers så kan ein se på bildet noen motstander øverst til høgre i bildet. Det er effektmotstander som er kobla inn på hodetelefonutgangen for å redusera utgangsimpedansen på hodetelefonutgangen. Orginalt er det bare kobla ein 330 ohm motstand i serie med hodetelefonen, men dette vil endra frekvensgangen til hodetelefonen med varierande impedans, så derfor blei 100 ohm kobla i parallell med 330 ohm, og så blei 8,2ohm kobla frå hodetelefonutgang til jord (i parallell med hodetelefonen).
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    113
    Antall liker
    118
    Sted
    Arendal
    Så var det lydlekkasjen. Dette viste seg å vera to problemer. Problemet med litt lyd ut ved null volum (på FM-radio), skyldtest feil jording orginalt av FM-radiodelen av receiveren. Problemet var at jord frå utgangsfilteret på FM-radio-delen var kobla til signaljord på inngangane, noe som medførte signal overført til effektforsterkaren med volum på minimum. Se kretsskjema under, der utgangsfilteret består av L301/L302 +++ komponentane.
    Løsninga blei å kutta denne jordbanen og legga ein egen jordledning til "senter" for jord på radiodelen. Se svart kabel på bildet under. Nederst kan kuttet ses ved starten av den svarte kabelen. Etter dette så blei det heilt stille ved null volum. Men det fiksa ikkje alt. Når volumet blei skrudd opp lekker litt det lyd frå valgt kilde over på tape monitor når denne blir trykka inn.

    1753201471146.png


    1753201868890.png
     
    Sist redigert:
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn