Montering av ICE-power 50ASX2

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Av og til gjer ein dumme ting på Ebay i lønsjen. Denne gongen var eg ikkje så dum at eg kjøpte overprisa vintage-utstyr, eller LP-ar der eg kjenner at eg har gjort ein god deal heilt til eg tenkjer på fraktprisen.

Men eg har, utan veldig erfaring med loddebolt, kjøpt ein (ny) ICEpower 50ASX2-modul. Nei, det kostar ikkje så veldig mykje, og, ja, hovudargumentet mitt er at straumforsyninga er integrert (jf med Hypex, td). Det er slik at eg ikkje tør kalla det DIY, men heller "montering". Det kan eg vel kalla det?



2x50W i 4 ohm er ikkje monstrøst, men eg tenkte vel at det var minst like kraftig som NAD 310-forsterkaren eg har brukt i 15 år. Den får høgtalarane mine opp i (u)akseptable volum.

Altså, eg tenkte eg skulle montera opp denne modulen som ein enkel effektforsterkar. Eg lurer på om det kunne vera litt hjelp å få her?

1. Kontaktar og internkabling, er det Elfa som sel slikt? Kva slags ledningar bør eg bruka internt?

2. Boks/chassis. Modulen er 110x80x33 mm. Med 12 mm klaring må eg ha ein boks på 134x104x57mm. Kvar kjøper ein slikt?

3. Eg tenkte at eg skulle få til av/på-diode og brytar, kanskje til og med nettbrønn for å ikkje risikera å slita straumkabelen. Det kan eg vel greia.

Modulen har 24V DC uregulert ut, men eg føler at det - i seg sjølv - er eit for lite grunnlag å byggja heimelaga preamp av. Preamp-spørsmålet får eg rett og slett løysa seinare.
 

Vedlegg

M

Mr-T

Gjest
Fin modul dette, den låter bra! Nok den som låter best av alle ICEpower modulene, hvis du kan klare deg med den begrensede effekten da. Jeg har dratt et par Ascolta Brennin med en slik, den blåste andre digre forsterkere av banen! :)

Det du kan gjøre - som er litt risikosport - er å lodde direkte på kontaktene. Noen garanti på modulen har du jo uansett ikke. Alternativet er å skaffe alle kontaktene som trengs, men du trenger en del verktøy for å montere kabler på kontaktene. Da ender du opp med å kjøpe kontakter og verktøy for langt mer enn modulen koster....

Du kan montere den i en 1U høy boks, det går helt fint det. Her er en DIY versjon jeg har laget sjøl i en boks fra ELFA. Det er litt vel trangt, men det gikk greit.

Kabling er ikke kritisk, men du bør bruke skjermet signalkabel, tvinne de andre kablene. Hold kablene unna hverandre, og ingen kabler må gå over selve modulen, for da plukker de opp støy.
 

Vedlegg

M

Mr-T

Gjest
Fler svar:

1. 1,5 kvadrat PL ledning holder i massevis til strøm og høyttalerutgang, sjekk Biltema eller Clas O. Bruk skjermet kabel på signalet inn.

2. Foreslår varenr 50-250-02 fra www.elfa.se

3. 24V utgangen er greit til lysdiode med en passende motstand i serie. Men denne utgangen er uregulert og har ikke all verdens med strømkapasitet, så den er uegnet til å gi strøm til en preamp f.eks.
 

wilbur-x

Overivrig entusiast
Ble medlem
03.07.2006
Innlegg
844
Antall liker
1
Er kablingssettet til tidligere Hypex-moduler kompatible ?
Eller husker jeg feil...
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Tusen takk, Mr-T! Dette var akkurat hjelpa eg trur eg trengde for å koma i gang. Veldig fint med bileta frå forsterkaren din!

Eg trur at forsterkaren er kraftig nok: Føremålet er å driva dei små høgtalarane mine så lenge eg bur slik at det er uaktuelt med noko større. Cambridge S30 er oppgjevne til 90db/1W - kanskje litt optimistisk. Når eg ser på målingane til modulen, vonar eg iallfall at eg får brukt litt meir krefter enn det.

Boksen du gjer framlegg om er fin, men litt låg, kanskje (H + 7mm, og dersom eg ikkje skal ha modulen rett nedpå botnen vert det veldig lite plass på toppen, 1U er 44.5 mm). 50-055-66 er stygg som nøkken, men eg har uansett tenkt å gøyma forsterkaren vekk. PCB/Alu-boksane er kanskje ein sikkeleg dårleg ide?

Wilbur-X, er "kablingssettet" desse kvite kontaktane som Mr-T har festa kablane på? Kva heiter slike kontaktar? Eg trur eg må ha det.

Er det Elfa som er staden å få tak i banan-kontaktar og phono-kontaktar? Eller er det betre andre stader?

Du har nok rett i at dette vert dyrt. Modulen kostar jo ikkje all verda, og vonar eg får sluttsummen til å verta om lag det doble. Litt kjekt å skru litt sjølv òg, då, sjølv om dette er mindre ambisiøst enn å konstruera høgtalarar.
 
A

audiosan

Gjest
RCA pluggene til biltema er utgått for 2 år siden.
 
A

audiosan

Gjest
derimot så er apexjr.com en fin plass å finne slike småting til en veldig billig penge.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Juhu, dette er jo ikkje så vanskeleg som ein skulle trudd. Det syner seg jo at dei har vore så greie at dei har skive i databladet kva kontaktar det er snakk om:

Signal Header Specifications (P102)
Type: JST B7B-PH-K-S

AC Header Specifications (P100)
Type: JST B2P3-VH

Speaker Header Specifications (P104/P101)
Type: JST B2P-VH [x2]

Auxiliary Supply Header Specifications (P103)
Type: JST B3B-PH-K-S
Så, til jst-mfg.com for å lesa datablad for desse. Attende til Elfa. Hm. Det burde la seg gjera å finna kontaktar som passar. Men, hmpf: Anten må ein jo ut med krympetang til >2000 kr, eller eit "IDC" monteringsverktøy til >1000 kr. Dersom eg skjønar Elfa-katalogen rett.

Skjønar kva du meinte, @Mr. T; verktøy i denne prisklassen har eg ikkje planlagt å investera i for å montera denne modulen. Men det ser ut som om lodding på spesielt P102, med bittesmå pins med 2mm avstand, kan verta ei, ærmpf, utfordring.
 
M

Mr-T

Gjest
Lodding går greit hvis du klipper av noe av plasten på selve connectoren, men du trenger en liten loddeboltspiss.
 

Valentino

JB rünnhilde
Ble medlem
23.04.2008
Innlegg
28.656
Antall liker
21.458
Sted
Ottestad
Torget vurderinger
1
Dersom du ikke finner hunkjønn RCA-kontakter hos Clasern kan kanskje en pigtail med hunkjønnskontakter være et alternativ?
 

el_mariachi

Hi-Fi freak
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
5.636
Antall liker
394
Valentino skrev:
Dersom du ikke finner hunkjønn RCA-kontakter hos Clasern kan kanskje en pigtail med hunkjønnskontakter være et alternativ?
Biltema har slike for chassismontering.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Takk, Mariachi og Valentino.

no er pakka sendt frå California, og eg har vore på Clas Ohlsson og kjøpt litt kabel og straumbrytar, samtidig som eg har spurt bror min, ingeniøren, om han kan vera til noko hjelp med desse JST-kontaktane.

RCA og HT-terminalar hadde dei ikkje på CO @Oslo City, og eg lurer på om eg rett og slett skal kjøpa dette frå Elfa sidan det ser ut som om eg kjem til å bestilla ei pakke derifrå likevel. RCA får eg iallfall billig der. Hm. Desse Neutrik-sakene verkar utruleg lekre, men det er kanskje litt vel, æh, jålete å bruka det. Litt teit å terminera høgtalarkabelen min med Speakon, meiner eg.

Biltema er liksom så langt utafor allfarveg for min del (førarkortlaus OG klasse D. Kanskje eg kvalifiserer til å selja klimakvotar snart).
 

wilbur-x

Overivrig entusiast
Ble medlem
03.07.2006
Innlegg
844
Antall liker
1
SMPS kablene (løssalg) til Hypex er type JST, (kjenner ikke til dim).
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Takk! No fekk eg nemnde bror ingeniøren til å setja opp ei handleliste frå JST i UK, han meinte det var streit å bruka crimp-varianten utan spesialverktøy. Eg prøver det i første omgang.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
vagstol skrev:
Takk! No fekk eg nemnde bror ingeniøren til å setja opp ei handleliste frå JST i UK, han meinte det var streit å bruka crimp-varianten utan spesialverktøy. Eg prøver det i første omgang.
I Japan, trur eg vi seier. I dag har eg iallfall handla industrikontaktar til 3000 yen inkl. frakt. Det var litt besynderlig.

No har eg skjøna ein grunn til kvifor desse modulane, til trass for den tilsynelatande enkle implementeringa, ikkje normalt er tilgjengeleg for private. Faston-pluggane til Hypex verkar litt meir, uhm, tilgjengelege for fjøsmekk.
 
M

Mr-T

Gjest
Grunnen til at ICEpower kun selger til store kommersielle aktører er nok at de ikke gidder å drive med support av DIY-folket. Ikke har de logistikken i orden for å selge til småkunder heller. Her er det minst en pall med moduler eller ittno som gjelder (faktisk).

Hypex derimot, er helt i andre enden av skalaen.
 
A

audiosan

Gjest
CO har ikke RCA eller høytaler terminaler. Biltema har høytaler terminaler, men ikke RCA.
apexjr.com er en fin plass å finne slikt til en god pris. jeg bestilte RCA, høytaler terminaler og nett filter til 4 monoblokker.
samt litt ekstra småting. det ble $52 inkl. frakt og paypal gebyr.
 

Thomas_A

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
16.07.2002
Innlegg
407
Antall liker
2
vagstol skrev:
vagstol skrev:
Takk! No fekk eg nemnde bror ingeniøren til å setja opp ei handleliste frå JST i UK, han meinte det var streit å bruka crimp-varianten utan spesialverktøy. Eg prøver det i første omgang.
I Japan, trur eg vi seier. I dag har eg iallfall handla industrikontaktar til 3000 yen inkl. frakt. Det var litt besynderlig.
Har selv satt opp to slike moduler med loddebolt og tolmodighet. Du gjør lurt i å handle kontakter... ;)
Det ville sikkert være til hjelp for andre om du postet eksakt hvilke kontakter du handler fra JST.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Thomas_K skrev:
Det ville sikkert være til hjelp for andre om du postet eksakt hvilke kontakter du handler fra JST.
Eg tenkte å venta til eg hadde verifisert at det funkar, men dette har eg iallfall handla. Tingen er at "kontaktar" og "housing" vert selde kvar for seg. Kontaktane er den varianten som tek tjukkast mogleg leidning (16AWG, 1.5mm2 for straum og HT ut, 28AWG for signal).

Frå nettbutikken til JST MFG CO, LTD, og dette er for to sett. Housing var ikkje tilgjengeleg i mindre kvanta enn 10 pcs.

SPH-004T-P0.5S
Part Number: SPH-004T-P0.5S
Contacts PHR7, PHR3, 28AWG 20 pcs

PHR-7
Part Number: PHR-7
Housing, 7wy 2mm 2 pcs

PHR-3
Part Number: PHR-3
Housing, 3wy 2mm 2 pcs

NVAR-02VS
Part Number: NVAR-02VS
Housing, 7,92mm 2 pcs

VHR-2N
Part Number: VHR-2N
Housing, 3,96mm 4 pcs

SVH-41T-P1.1
Part Number: SVH-41T-P1.1
Contacts NVAR-02-VS, VHR-2N, 16AWG 14 pcs
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
OK, eg let denne tråden handla om ting eg gjer i prosessen. Sjølve forsterkaren min er framleis på veg over fjorden, så eg handlar framleis inn stasj til monteringa. Spørst om eg får montert før sumarferien, men no manglar eg berre chassis.

No gjekk eg for Neutrik, eg, både straum- og HT-kontaktar (Powercon/Speakon), saman med ny HT-kabel som vonleg er litt meir fleksibel enn den arkaiske midfi-kabelen eg har i dag, men ikkje minst lengre: Klotz 2x2.5mm2.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
Eg drog rett og slett med meg prosjektet mitt på ferie, og har fått god hjelp frå meir kompetente familiemedlemer.

Først, ei lita oppdatering i fall andre vil tinga kontaktar frå JST: PHR 7-kappene passar ikkje i NVAR-02VS-huset. Bortsett frå dette (som eg løyste med nokre rundklemme-liknande greier) har eg fått laga eit fint kabelsett.

Den verste jobben så langt har vore å få på plass kontaktane. Det vart litt knot med å få plass til desse elles fine Neutrik-terminalane (store hol), og den firkanta av/på-knappen eg hadde kjøpt.



Eg konkluderte med at flate pluggar truleg var beste måten å festa leidningane på. Neppe optimalt, men samstundes er eg litt redd for å lodda med så mykje plast rundt.



No er det berre å montera kortet i boksen og lodda på RCA-terminalane, så skal det verka. Hehe.
 

Vedlegg

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.419
Antall liker
3.536
Sted
Sunnmøre
og det gjorde det, gitt.

Ikkje eit sveinestykke, akkurat, men det vart i det minste lyd i nokre gamle høgtalarar eg testa. Meir enn nok lyd, og ikkje så veldig mykje støy heller. I meste laget med lyd for høgtalarane, eigentleg. No vert det spanande å testa heime.

Takk for hjelpa!
 
Topp Bunn