Magnepan er ei lettare last enn elektrostatar, men treng vesentleg meir guffe for å spele skikkeleg. Der du kan drive eit par Quad ESL 2905 med 70-80 rørforsterkarwatt, treng du meir enn dobbelt så mykje til Magnepan. Du kosar deg ikkje så godt på låge lydstyrker med Magnepan som du gjer på elektrostatar. Men når det er sagt, kan Magnepan rocke skikkeleg, om du ikkje er avhengig av sidrumpe-bass (Magnepanbassen er fordømt korrekt, og det er ikkje alle som likar slikt. Vi kan seie med ei lett omskriving av Ibsen: Ta bassfarginga frå ein gjennomsnittsaudiofil, og du tek også livsgleda frå han...)