I serien “du kan nesten ikkje tru at det er sant” er me no komne til del 3, like smalt, og om mogeleg endå smalare. Denne gongen om korleis ljos kan verka inn på lytteintrykket. Det kan verka trivielt, men det er viktig, som dømet i teksten har lært meg.
INSEKT
Sett frå universet er me ørsmå. Derifrå er det ingen skilnad på ein elefant og ein mygg. Men me har ein viktig eigenskap sams. Alle dagaktive dyr er avhengige av ljos. Har du sett korleis insekt navigerer etter ljoset, at dei om kvelden og natta krinsar kring varme ljospærer, til dei turkar ut og døyr? Opplysinga av dei store byane i moderne tid kan vera ein av mange årsaker til at insekta døyr ut. Dei kan ikkje slå av ljoset, gå til sengs og lata att augne slik som oss.
Men me vert trekte til ljoset slik som dei. Det er difor bilane/bilistane brukar køyreljos om dagen, då ser me motgåande trafikk tidlegare. Blikket vert trekt mot ljoset...
Les heile dagboka til Stig Arne i Audiophile.no
