3 koaksialkablar – Stig Arne si dagbok oktober 2025

SAD-1025FS.jpg


Eg har aldri før prøvd ut digitalkablar. Har ikkje hatt trong for det. Men no har eg brått digital koaksialkabel mellom CD-transport og DAC, og digital nettverkskabel (LAN) mellom ruteren og same DAC-en. Det har fått konsekvensar.

Då er me komne til del 2 i serien “Du kan nesten ikkje tru det er sant”, denne gongen om koaksialkablar. Eigentleg har eg aldri starta ein slik serie, sidan førre artikkelen berre heitte “Bananpluggar". Men når eg no endå eingong har gjort oppdagingar som verkeleg forvirra meg, introduserer me lika godt del to, og like smalt! Utruleg nok er det mange som alt har lese om bananpluggane. Og det er gledeleg, for det er verd å merka seg kor viktig det er å gjera ting so enkelt som mogeleg, elles kan du berre vinka farvel til god lyd.

DU KAN NESTEN IKKJE TRU DET ER SANT (Del II)
Det heile byrja då ein kompis ville ha CD-spelar, og eg kopla opp eit par eg hadde liggjande å slenga for å sjekka om dei virka. For ofte vil ikkje CD-skuffa ut, anten grunna reimer som har morkna, akkurat som på kassettspelarar, eller tannhjul som har sprukke grunna alder og osteoporose. Nett som oss.

Det var då eg oppdaga at eg tykte bassen var betre enn vanleg. Mystisk. Eg gjekk attende til strøyming att (frå Apple Music), med same låtane sjølvsagt, og følte at CD var overlegen. Kva i all verda. Eg trudde eg hadde god lyd frå strøyming, det hadde eg altso ikkje. Ikkje når ein gamal og rimeleg Yamaha CD-spelar (CDX 480) spelar betre! Som vanleg: Du er overtydd om at du har god lyd, heilt til du brått får betre. Då er den gode lyden plutseleg dårleg i samanlikning. Slik er det. Det beste er det nestbestes verste fiende.

Les heile oktoberdagboka i Audiophile.no

SAD1025-8.jpg
 

Kommentarer

michell

Hi-Fi freak
Ble medlem
18.09.2005
Innlegg
2.525
Antall liker
721
"Den eine var av heimelaga antennekabel, 75 Ohm, og den andre ein feit og dyr kabel frå Tara Labs, RSC air Digital 75. Antennekabelen var muligens eit framsteg, men ikkje mykje. Det var Tara Labs som fekk augne til å spretta ut or hovudet på meg, og som gjorde at Teac/Gustard-kombinasjonen passerte Yamahaen med god margin."
Det er lite trolig at ikke antennekabelen slår det meste. På bildet ser den jo noe fislete ut, da. Og om pluggene på den var dårlig loddet kan det nok være at Tara Labs gjorde det bedre. For den ser ut som en skikkelig antennekabel med pyntestrømpe.
 

Audiomix

Bransjeaktør
Ble medlem
05.07.2004
Innlegg
13.466
Antall liker
5.763
Sted
Kongsberg
Torget vurderinger
36
Sikker på at du har hørt samme versjon av musikken???
IMG_20251128_162127580_HDR.jpg
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
2.129
Link til alle artikler
636
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
STIG SINE PLATER: Signe Førre - Fagert

STIG SINE PLATER: Signe Førre - Fagert

  • 1
Bassisten Signe Førre har gjeve ut si fyrste plate under eige namn. Folkemusikk, jazz og “speedbalkan” er smelta saman til eit heilskapleg og spanande produkt, som du kan hende har lyst til å låna...
Fortsett
Audiophile.no
Folkemusikkfestivalen Osafestivalen 2026 på Voss, 22. - 25. oktober - Alt mellom jazz og joik

Folkemusikkfestivalen Osafestivalen 2026 på Voss, 22. - 25. oktober - Alt mellom jazz og joik

  • 0
Festivalen tjuvstarta alt torsdag, kl. 6 fekk eg pressekortet mitt og armband på kontoret på Ole Bull Akademiet, og halv 7 var eg i køen på den nystarta siderbaren i Storstova, som er open...
Fortsett
Audiophile.no
Skatter fra Bluesens Pauluner. Stevie Ray Vaughan - Texas Flood

Skatter fra Bluesens Pauluner. Stevie Ray Vaughan - Texas Flood

  • 10
Stevie Ray, ja. For en mann, for en musiker! Dette er mannen som forlot et hurtigtog på skinner for å skape sin egen magi, i og med at han forlot David Bowie rett før en verdensturné, og la oss...
Fortsett
Audiophile.no
HiFi Messen i Horten 2026 – Del 4: Karl Erik sine inntrykk

HiFi Messen i Horten 2026 – Del 4: Karl Erik sine inntrykk

  • 0
Hortenmessa var ganske tydelig amputert i år, og byggeaktivitet på messehotellet må ta hovedansvaret. Men du verden så hyggelig det fremdeles er på denne tradisjonsrike HiFi messen, hvor gamle...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2026 – Del 3: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2026 – Del 3: Stig Arne sine inntrykk

  • 1
Ei omfattande ombygging av messehotellet reduserte talet på utstillarane, men ikkje på gjensynsgleda, fint utstyr og god lyd. Alt i fjor vart me gjort merksam på at messehotellet skulle vølast...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING – Vinyl spesial We Float går nye veier.

PLATESMAKING – Vinyl spesial We Float går nye veier.

  • 0
We Float er et norsk-svensk band jeg har fulgt spesielt med på. Fredag 16. oktober kom deres fjerde utgivelse, og jeg har smakt på vinylutgaven. Bakgrunnen for min oppmerksomhet mot We Float er...
Fortsett
Topp Bunn