ELECTROCOMPANIET OBJEKT
Og med dette tek me ein alpinsving over til det ekstraordinære, eit vaske-ekte samleobjekt. Denne pyramide-forma høgtalaren er produsert i berre 5-6 eksemplar, og er særs interessann av fleire grunnar. Han var designa av Svein Erik Børja, og produsert av Electrokompaniet, i ein periode der Svein Erik var knytt til Electrocompaniet i samband med utviklinga av den vidgjetne “25-wattaren”, meir om denne ei anna gong. Eitt av para var lakkert i kvit og har funne vegen til eit eller anna museum of art. Beklagar denne omtrentlege skildringa; dette er berre ei etterlysing. Den no avlidne Svein Erik Børja var ein kjend og kjær person frå NRK, produsent millom anna, og ihuga audiofil. Det er grunn til å tru at mange av detaljane vart arbeidd ut i samarbeid med broren Bjørn Børja, då tilsett hjå Seas, no pensjonist.
Eit par slike er til reparasjon hjå meg, for eigar. Det eine basselementet er daudt (alle elementa er frå Seas). Då er det berre å byta dette elementet, ikkje sant? So enkelt var det ikkje. Kva element skal inn? Samtlege element er limt fast til kabinettet, som er av eit totalt daudt blandingsmateriale, og eit mareritt å få ut. Det øydelagde elementet er no tersa ut, takka vera hjelp frå personar med teknisk-praktisk kompetanse, og undersøkt. Det er, etter ein del arbeid med å tolka kodar og datoer på etiketten på baksida av elementet, produsert i 2004, altso lenge etter produsjonsåret. Det opprinnelege elementet har tydelegvis teke kvelden og vorte erstatta av eit nytt. Men er elementet produsert i 2004 eit kurant erstatningselement? Og er det friske elementet i den fungerande høgtalaren identisk? Det øydelagte elementet er 8 Ohm. “Bruksanvisninga”, som me har vore so heldige å få tak i, seier at høgtalaren er ein 8-ohms-konstruksjon. Men nokre av “ekspertane” på nettet påstår at det er ein 4-Oms-høgtalar, opphaveleg, og dermed står mykje arbeid att for å bringe fakta på det reine, sidan fleire av nøkkelpersonene bak konstruksjonen er vanskelege å få tak i. Og det er ganske fantastisk at Seas ikkje kan hjelpa oss med data på det opphavelege elementet, eller i alle fall å føreslå eit erstatningselement med liknande karakteristika som det opphavelege. Er det verkeleg mogeleg at ein i data-alderen ikkje har klart å lagra informasjon om tidlegare element?
Det friske elementet må óg ut. Er dette identisk med det øydelagde? Det vil syna seg. Truleg må delefilteret ut. Komponentverdiane i filteret vil vonaleg røpa om dette er ein 4-eller 8 Ohms konstruksjon. Dessutan tenkte eg å søkja hjelp hjå eigarane av dei resterande 4-5 eksemplara. Knut Vadseth (fidelity) har eitt par, og vil måla bass-seksjonen med multimeter for oss, når han berre finn multimeteret. Kvein eig dei siste 3-4 para? Kan dei gje lyd frå seg på telefon 93 46 75 69? All hjelp er til nytte for at me kan setja inn nye bassar, som har liknande karakteristikkar med dei opphavelege. Berre på denne måten kan dei spela slik konstruktørane meinte, og vurderast på ein seriøs måte. Det fortenar dei, sidan dette er ikoniske saker, norske, og dessutan sjeldne. Hadde det ikkje vore kjekt å lesa meir info og få ein grundig utprøving av desse høgtalarane? Det er i alle fall planen vår. Om lesarane kan hjelpa. Det er sikkert mange hobby-konstruktørar som sit på katalogar av Seas sine element frå 80-talet og derikring. I mellomtida: Over til...
Les heile juledagboka hos Audiophile.no