Nei det synes som et overveiende bevisst valg fra studenter på venstresiden å søke seg til dette yrket uten at jeg vet motivet for deres beslutning. Jeg kjenner heller ingen journalist, personlig.
Frå eit litt anna perspektiv: eg kjenner om lag ti som har jobba som journalistar på eit tidspunkt (ingen av dei på TV) dei siste tjue åra. Ikkje alle er det framleis, mange har gått over i ulike roller som redaktørar, informasjonsmedarbeidarar osb.
Ingen har gått på journalisthøgskulane.
Dei aller fleste av dei har nok stått til venstre i politikken, røfli frå venstresida i Sp (som knapt finst lenger) og utover. Felles for alle er at dei har gravitert mot sentrum, «common sense» og ein slags «journalisme», ofte prega av evt. slagside i den avisa/nettavisa dei har arbeidd for.
Den einaste eg kan koma på som stod merkbart til venstre for meg då han vart journalist, gjekk kraftig til svært høgre (også på den generelle skalaen) etter å ha fått jobb i ei stor avis.
Ingen av dei sikta seg inn på journalistikk då dei byrja å studera. Det var heller slik at dei var samfunnsengasjerte og -interesserte, studerte samfunnsvitskaplege fag (eller historie), var flinke til å skriva kjapt og oppdaga at dei var i stand til å takla det presset i journalistjobben. Den er relativt hektisk. Ein skal vera god på å finna saker, finna vinkling, skriva konsist og få det ut på trykk. Fort. Dessutan er det ein bransje der du må vera vikar og lausarbeidar i (typisk i ulike aviser) mange år før du har sjanse på fast jobb.
Det er ikkje den jobben du vel om du vil ha jobbsikkerheit og/eller høg inntekt.
Det betyr at du følgjer den redaksjonelle linja, og skriv dei sakene du får beskjed om. Uansett er det, som nemnt, «journalisme» (eller spørsmålet: er ei sak eller ei vinkling det som passar på trykk) som styrer både saker og vinkling.
Dei fleste (i mitt vesle svogerforskings-bidrag) tona ofte ned det politiske engasjementet etter dei vart journalistar. Kraftig. Det er ein absolutt norm i mange aviser: du skal helst ikkje vera med i eit parti, og om du er det, ikkje ha verv eller stå på lister.