Ja det blir jo en litt absurd situasjon, men sikkert ikke uvanlig. det er lett å gå i den fellen at man skal være så progressiv og individualistisk at man ikke respekterer andre som bryter med denne konformiteten

Det er lett å fine paraleller ellers i samfunnet også.
Men folk har forskjellige behov, motivasjon og helt forkjellige ting som gjør dem lykkelige og tifredse. Noen finner avslapping og trygghet med strikketøyet i sofaen, mens andre kaster seg utfor fjellskrenter med fallskjerm. Aldri i verden om du får de to til å bytte hobby.
Slik er det med rusopplevelsen og rusmidler også. Noen foretrekker det trygge og konforme, men andre lengter etter andre opplevelser, enten det er fullstendig ro og fred, heseblesende aktivitet, besøk hos Alice i eventyrland eller transetilastand på dansegulv eller i jungelen, eller timesvis med blanke ark og fargestifter til. La oss ha plass til alle de forkjellige valgene. Men la oss arbeide for best mulige sikkerhet for deltagerene.
Einig med deg i at det må vere eit mål å finne plass til alle. Men eg har to atterhald; det sjølvsagde om at ein ikkje må skade andre (jfr røykelova, som eg er tilhengjar av nettopp av denne grunn) og det kanskje meir diskutable i at ein må unngå "å forderve uskuldige", då meiner eg i hovudsak barn og unge.
Har sett nokre døme på at folk som "bryt" med eit normsett ikkje ser skilnad på "litt" og "mykje" brot. Har du vore skjerma frå "synda" innanfor eit trygt miljø (t.d. klosterskule, trussamfunn eller totalistheim), er det lett å føle det at når ein har brote, er det lite skilnad på å ta skjegget og skjere av seg hovudet. Og det er trass alt skilnad på å ta seg nokre øl, endåtil spy av tvilsame alkoholblandingar og ei karriere som morfinist.
I prinsippet er eg einig med deg i at einkvar må ha fridom til å ta, og plikt til å stå for, sine eigne val.
Men det er mekanismer som gjer at desse frie vala trass alt ikkje er så frie alltid.
Eitt døme som eg har vore inne på tidlegare, er min gamle kompis alkoholikaren, som døydde av lungekreft, men som hadde eit svært så miserabelt liv i frå då han ikkje greidde skjøtte arbeidet sitt lenger. Sjølvsagt kunne han, på eitt eller anna tidspunkt, valt å ikkje drikke/røyke. Mange alkoholikarar tek eit slikt val, og eg har ein kjenning som er alkoholikar, har erkjent det, og har sett einaste fornuftige konsekvens - han røyrer ikkje stoffet. Men denne karen er i stand, og får støtte til å ta eit sånt standpunkt. Min fyrste kompis som døydde, fekk berre lita støtte, mykje "låke vener" og ein familiesituasjon som ikkje akkurat stimulerte han til rasjonalitet rundt rusmiddel førte han vekk frå valet.
På sosialkontoret sa dei: det er ein menneskerett å få drikke seg ihel. Eg var usamd, og hevda at det måtte vere ein minst like stor menneskerett å få sleppe dette.
To gonger tok min kompis inn på avrusing, kosta kur og opphald sjølv, og vart tørrlagt. Det viste at han ville ut av galeien. Men det kommunale støtteapparat rundt rusmiddel var ikkje godt nok utbygd med ettervern og støtteapparat, og etter eit års (og andre gongen to månadar) var det utfor igjen.
Min no sæle (?) kompis hadde nok ikkje tilstrekkjeleg sjølvinnsikt, rasjonalitet og lytteevne til andre til å ta dei fornuftige vala. Skulle han hatt hjelp? Eg prøvde så langt eg kunne, følte eg (iallfall gjorde eg langt meir enn det kommunale hjelpeapparatet, sjølv om der var folk der som brydde seg langt ut over plikta), men ting gjekk som dei gjekk.
Kva kunne vore annleis?