Hortenmessa 2023 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk

Horten23A (13 of 25).jpg


Vi held fram med våre messeinntrykk, og i dag er turen komen til Arve sine utvalgte lydopplevingar å minnast frå Horten i år.

Øyrepluggar med godlyd
Av og til er det ikkje aktuelt å dele musikkopplevingar, der dei andre i huslyden slett ikkje har lyst å høyre på det du spelar av på stereoanlegget. Då er det kjekt med øyretelefonar, gjerne store øyretelefonar som formidlar lyden på skikkeleg vis. Men slike store, dyre høyrelurar kan vere travle å ta med seg, og då er det mange som vel øyrepropper. Gjerne billege øyrepropper med sånn passeleg godlyd.

På messa fekk eg demonstrert eit spennande alternativ; øyrepluggar med god lydkvalitet. Eg fekk ein rask demo, og fekk inntrykk av at dette kunne måle seg med ganske flotte øyreklokke-konstruksjonar. Men det ser ut som eg ikkje er skapt slik som andre, eine øyrepluggen måtte haldast på plass for å gje att bassen skikkeleg. Det synte seg at min høgre øyregang ikkje passa saman med pluggen. Men her hadde produsenten (som held til i Os utanfor Bergen) råd. Han kunne lage formstøypte pluggar som er 100% tilpassa mine øyregangar. Eg får sjå neste gong eg er i Os.

Mark Levinson
Er ein av dei verkeleg legendariske hifi-produsentane. I år var det stilt ut jubileumsutgåvene av effektforsterkarar. Dei bør vere verkeleg gode, for prisen er 600 000/kr paret. Men det var også andre verkeleg spennande ML-produkt; trådlause øyretelefonar av eineståande kvalitet, med støydeping No 59 Premium var dei kalla. Desse hadde kvalitetar som kan måle seg med svært gode kabla øyretelefonar. Mange funksjonar og ein eigen app for å fintrimme lyden....

Les heile messerapporten del 2 i Audiophile.no
Horten23A (17 of 25).jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
924
Link til alle artikler
394
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023

Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023

  • 0
Eg nyttar ein triveleg kveld i Fredrikstad før Horten-messa med Karl Erik og Arve som bakgrunn for å forklara litt om kva eigenskapar eg meiner eit godt stereoanlegg bør ha. Og i november kom...
Fortsett
Audiophile.no
Hifihub – ny aktør i Jessheim besøkt

Hifihub – ny aktør i Jessheim besøkt

  • 3
I helgen har to herrer med lang fartstid i H iFi-bransjen hatt åpning av en ny HiFi-butikk i sydkant av Jessheim sentrum. Vi avla forretningen et besøk lørdag formiddag. Henning Morken og Øystein...
Fortsett
Audiophile.no
Osafestivalen, 27.-29. oktober 2023: Frå oppskóka til taterkultur

Osafestivalen, 27.-29. oktober 2023: Frå oppskóka til taterkultur

  • 0
Me likar oss best heime når hauststormane herjar. Men stundom lyt ein ut for å finna inspirasjon, for å læra noko, og for å ha noko å reflektera over når du er heima. Ein slik læringsarena er...
Fortsett
Audiophile.no
Platesmaking 2-23. Gamle helter med nytt materiale

Platesmaking 2-23. Gamle helter med nytt materiale

  • 0
Denne gangen har jeg vært nødt til å ta i bruk kø-sniking, for det var flere ferske nyheter som presset seg fram blant litt velmodnet ost. Og så kommer det mer med det første, der køen blir...
Fortsett
Audiophile.no
Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023

Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023

  • 1
Ein tur innom Lars Tørressen i Bergen var det eg hadde lyst å skriva om til denne utgåva, samt ølspalta naturlegvis, inkludert øl du ikkje får tak i. Om du ikkje valfartar til...
Fortsett
Audiophile.no
Made By Google 2023 – årets store store Pixel-lansering

Made By Google 2023 – årets store store Pixel-lansering

  • 0
Den 4. oktober hadde Google Norge invitert til en keynote-event. Denne gangen var det Google sitt hovedkontor på Aker Brygge som var location, og to mobiler og en ny smartklokke sto på agendaen...
Fortsett
Topp Bunn