Takk for tips, alle saman!
Heat og
Reservoir Dogs er filmar eg likte godt, men har aldri rekna dei som «heist»-filmar fordi dei meir handlar om det som skjer etterpå, utan den lette briljansen eg koplar til sjangeren. Det same kan ein sikkert seia
The Italian Job, men der tolkar eg slutten mest som ein vits.
Olsenbanden – definitivt. Sjølv om eg aldri har likt dei særleg godt.
Ronin, men der er det nok litt dreping.
Spørsmålet fikk meg til å tenke på forskjellen mellom heist-filmer og filmer med en eller annen
MacGuffin, dvs som beskriver jakten på et eller annet som publikum ikke bryr seg om. Det er kanskje litt glidende overganger mellom sjangrene. Egentlig også fullt mulig at ikke Ronin kvalifiserer.
Eg skal ikkje gje meg inn å koma med presise sjangerdefinisjonar, og navigerer i dette landskapet på intuisjon. For meg grip
Ocean's-filmane det eg oppfattar som
essensen i heist-filmar: Den intrikate planen og planlegginga, så eit eller anna element som forpurrar, så ein plot-twist der meininga i alt det føregåande vert snudd om.
Slike twists vert jo brukte i mange sjangrar, så det er kanskje ikkje heilt definerande, men samtidig er det ofte den som løfter filmen frå triviell til interessant.
The Usual Suspects ein av mine favorittar:
Vi trur at vi følgjer planane til den utspekulerte Kayser Söse, før slutten tvingar oss til å tenkja omatt og omatt på kva som eigentleg skjedde; kva vi veit som «sant» og kva vi berre trudde vi forstod. Det er også grunnen til at eg tek med Memento på «nesten».
Knives out og
Basic (også på «nesten») følgjer jo denne strukturen. Vi trur vi følgjer ei tilsvarande handling, denne gongen ikkje som plan-utføring, men som i kriminalmysteriets gradvise baklengsopprulling, og så vert heile forståinga snudd om på slutten.
Eg trur godt at
Ronin kan vera innafor sjølv ein streng definisjon. Eg såg filmen for mange år sidan, og hugsar at eg likte han godt (eg liker mykje av det Mamet har hatt fingrane i), men måtte lesa synopsis på Wikipedia for å hugsa handlinga. I ein utvida definisjon er mange filmar med militært tema (td. slutten på
Inglorious Basterds og heile
Ørneredet) også i slekt med heist-filmane.
@aam01: Takk for tips! Den må eg sjå. Eg er diverre
alt for anglo-amerikansk når det kjem til film: særleg fransk og italiensk film er eg analfabet på.