Hard lyd: jakta på syndaren – Stig Arne si dagbok august 2022

SAD-0822 (1 of 1).jpg


Eg har relativt nyleg vorte klar over eit problem kring polstykket og støvhetta på vanlege dynamiske høgtalarelement. (Sjå bileta, so skjønar du kva eg snakkar om). Det er eit lite påakta problem, men ikkje eit mindre problem av den grunn. Heldigvis kan du sjølv i mange tilfelle bøte på det. Det kan forbetra høgtalarane betrakteleg.

Men høgtalarane treng ikkje vera einaste grunnen til hard eller på andre måtar ubehageleg lyd. Me går gjennom heile stereoanlegget, og so kjem me attende til høgtalarane att til slutt.

CD-spelaren

CD-spelarane varierer i kvalitet og karakter, men det er relativt sjeldan at dei er desidert harde i lyden. Eg har opplevd det berre ei gong (med ein Onkyo-spelar).

Platespelar/pickup
Her vel eg å fokusera på pickupen. Det er ingen gode grunnar til at sjølve platespelaren (med arm) skal bidra vesentleg til hard lyd. Dei fleste spelarane er utstyrte med MM-pickup, og desse spelar normalt ganske sivilisert. Nokre av dei kan ha stigande frekvensgang mot mellomtonen eller/og diskanten, og dette kan forsterka ein eventuell tendens til skarp og hard lyd. Med MC-pickup er problemet hyppigare. Fleire av desse har problem med stigande frekvensrespons, og om dette vert kombinert med mangelfull tilpassing mellom pickup, step-up og platespelarinngangen, kan dette slå ut i dårleg lyd på fleire vis. Dette er eit område for ekspertar.

Forforsterkar
Ein for-forsterkar er i realiteten eit linjetrinn, som du ofte òg vil finna på utgongen av CD-spelarar, kassettspelarar og denslags. Eg opplever sjeldan desidert hard lyd med slike.

Forsterkaren
Ein integrert forsterkar inneheld både forforsterkar og effektforsterkar. Forforsterkaren er som nemnt normalt ikkje skuldig, men forsterkardelen - eller ein separat effektforsterkar - kan godt vera det. Det kan vera ganske langt mellom forsterkarar med naturleg og musikalsk lyd. Mange har ein desidert mekanisk, ljos og hard lyd, særskilt om du tvingar dei til å spela høgt. Om du strever med dette, prøv å få lånt deg ein NAD 3020 eller radiovarianten 7020. Dei er det plenty av, og ein av få forsterkarar som plent nektar å spela hardt, om han er i orden. Hjalp dette, er problemet løyst. Om ikkje, er det store sjansar for at problemet ligg i høgtalarane. Går du vidare?....

Les heile dagboka til Stig Arne i Audiophile.no

SAD-0822 (2 of 12).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
981
Link til alle artikler
407
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

Bowers & Wilkins løfter 700 S3 til Signaturehøyder

  • 0
I dag har Bowers & Wilkins lansert 3 Signature-modeller i 700 S3-serien. Det dreier seg om de to toppmodellene i henholdsvis stativ og gulvstående utførelse. Og i tillegg har de for første gang i...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz 2024 laurdag og sundag

Vossajazz 2024 laurdag og sundag

  • 0
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

TEST: B&W 606 S3 – et fyrtårn i krevende farvann

  • 9
Bowers & Wilkins lanserte 600 S3 i fjor sommer, en serie som består av tre stereomodeller og en senterhøyttaler. Vi har hatt den største stativmodellen på en svært grundig test, og tar samtidig et...
Fortsett
Audiophile.no
Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

Oslo HiFi Show 2024 - Messerapport

  • 2
Forrige helg var det to interessante HiFi-arrangement i hovedstadsområdet. Vi snakker om Oslo HiFi Show 2024 i Asker, og VårPuls 2024 hos Oslo Hifi Center i Oslo sentrum. Audiophile.no avla Oslo...
Fortsett
Audiophile.no
Vossajazz - i lys loge!

Vossajazz - i lys loge!

  • 0
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg...
Fortsett
Audiophile.no
Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

Problem og tonekontrollar – Stig Arne si dagbok for februar 2024

  • 2
Denne gongen om mekaniske svakheiter, oppklaring av mistydingar, og Vossajazz. Og 5 øl frå KINN. Audioquest Red og Cobalt DAC problem Eg har lodda Red ei gong, og no slutta han atter å fungera...
Fortsett
Topp Bunn