Happy days

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Hei alle saman.

I mars i år kjøpte eg eg Sugden A21 Series 2 forsterkar. Kjempe nøgd med denne. Så til sakens kjerne: For ikkje så lenge sidan oppdaga eg at denne hadde innebygd riia, både MM og MC. Hadde ikkje bestilt med denne option, så gleda var stor når det faktisk kom lyd når eg kobla til platespelaren. Har ein Pro-ject xperience Xpression II med 8,6c arm og AT95 pu + den enklaste speedboxen til pro-ject.

Hadde eigentleg lagt vinyl litt på hylla før eg var skikkeleg i gang. Men iveren er stor om dagen og tenker at PU skal oppgraderast. Har mest lyst på low output MC, då eg meiner å ha høyrt at det er vegen å gå. Men kva skal eg velje. Høyrer mange godord om Denon dl-103, men mange meinar og at denne vert for tung for armen min. Har eit litt større motvektslodd (75g trur eg), som kanskje kan nyttast. Vil dette fungere? Berre å køyre på? Har ikkje tenkt å bruke noko serleg meir enn det dl-103 kostar, altså kr 1500,- på hifiklubben om dagen. Er dette vegen å gå eller er det andre opplagde kandidatar? Andre fallgruver?

Edit: Hadde visst blingsa litt på navnet på spelaren ::)
 

impulse

Æresmedlem
Ble medlem
26.02.2006
Innlegg
13.197
Antall liker
7.676
Sted
Hølen
Dl103 trenger nok en tyngre arm for å "synge", dessuten trenger den en arm med svært gode lagre.Her kommer nok Projectarmen til kort. Dette fordi opphenget på 103 er ekstremt stivt, slik at vibrasjonene pickupen utsettes for ved avspilling, pløyes rett opp i armlagrene. Om ikke lagrene er gode nok til å ta unna disse vibrasjonene, låter det ikke som det skal, dvs du får ikke utnyttet det som bor i 103.
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.135
Antall liker
8.661
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Har diverre ingen erfaringar med armen din. DL103 er nok slik at han likar seg best i litt tyngre armar, så det er vel ikkje ein optimal match, sjølv om det alltid er eit forsøk verd å prøve ut kombinasjonar - det er av og til slik at teori og praksis ikkje syner det same.
Når det gjeld pickupar, vil det vere veldig mykje å vinne på å gå litt opp i pris. Bikkar du 3 kkr, vert både Benz, Dynavector og andre snadderbitar tilgjengelege, som skulle passe veldig godt i armen din.
Det går an å prøve bruktmarknaden også, sjølv om pickupar er slitedelar.
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Takk for svar impulse og Arve.

Då droppar eg DL-103 i denne omgang.

Var nok litt dette eg frykta, men håpa i det lengste at den kunne funke likevel. Tenkjer først og fremst å køyre eit safe val kva angår pu. Brukt er også eit alternativ, men på "slitedeler" som det vert referert til er det kanskje best å velje nytt. Kor lang er eigentleg levetida til ein pick-up om dagen?

Eit budsjett er til for å haldast i min verden. Dersom ein skal få ein brukandes pu til 1500 kroner, vere seg LO Mc, HO MC eller MM, kva val har eg. Kan dei rimelegaste MC'ane til ortofon vere noko? Ortofon MC Tango? http://www.mono.no/display.x?cid=109&sid=328&id=2370
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Ein anna ting som eg lurer på har med kabel å gjere. Det fulgte med ein rca kabel med innfelt jording til platespelaren. Når denne er tilkobla er det heilt tyst. Når eg prøver med andre phonokablar (Mit T5, Black Rhodium Harmony), så vert det voldsom med støy/brum. Har då også jord tilkobla. Kva kan dette komme av?
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Har gjort eit framstøyt mot ein Benz MC-20 pick-up. Kan dette vere ein meir farbar veg? Leitar eigentleg heilt i blide, då eg er ganske fersk med vinyl og erfaringa er deretter.

Set sjølvsagt stor pris på om nokon har innspel å kome med:)
 

impulse

Æresmedlem
Ble medlem
26.02.2006
Innlegg
13.197
Antall liker
7.676
Sted
Hølen
Benz MC-20 er en fin pickup til en veldig fin pris, og den passer nok godt i armen din.
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
impulse skrev:
Benz MC-20 er en fin pickup til en veldig fin pris, og den passer nok godt i armen din.
Har fått svar frå imortør at Benz M20E er utgått. I det rimelige leie er det då Benz Gold/Silver som er aktuelt. Gold er low output og Silver er high output. Vil til dømes Benz Gold vere ein god match til armen min? Veit at platespelaren og armen som eg har ikkje er av beste kvalitet, men lurer likevel på om eg er på rett spor. Nokon som veit om det innebygde riiatrinnet i Sugden forsterkaren er godt nok, eller om ein vil ha noko hente på å til dømes gå for ein Cambridge 640P.
 

ottone

Nesten klassiker
Ble medlem
08.04.2008
Innlegg
14.628
Antall liker
12.716
Sted
Stavanger
Torget vurderinger
3
Denon DL160 er en fin high output MC PU som gir mye for pengene. Fungerer fint i ProJect arm. Jeg brukte denne med suksess på Music Hall MMF5.1, som har ProJect arm, sammen med Cambridge 640.

Ang. RIAA vil jeg tro, uten å ha hørt den selv, at den innebygde fra Sugden er vel så god som Cambridge, selv om Cambridge også leverer mye for pengene.
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Jøgga skrev:
Denon DL160 er en fin high output MC PU som gir mye for pengene. Fungerer fint i ProJect arm. Jeg brukte denne med suksess på Music Hall MMF5.1, som har ProJect arm, sammen med Cambridge 640.

Ang. RIAA vil jeg tro, uten å ha hørt den selv, at den innebygde fra Sugden er vel så god som Cambridge, selv om Cambridge også leverer mye for pengene.
Vel så god som Cambridge er godt nok for meg. Takk for den Jøgga. Få heller ta oppgradering av riia ved eit seinare høve.

Har auka budsjettet mitt noko og teke steget og bestemt meg for ein Benz Gold low output pick-up. Trur det blir bra. Kor bra, vil tiden vise:) Skal bli spanande når eg skal montere min føste pu.
 

Beas

Medlem
Ble medlem
21.03.2010
Innlegg
14
Antall liker
0
Jeg har hatt både dl103 og dl160 i samme arm som deg, og 160 passet definitivt best. Jeg er også på jakt etter ny pick up til armen, så kom gjerne med inntrykk når du får anskaffet en ny.
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Beas skrev:
Jeg har hatt både dl103 og dl160 i samme arm som deg, og 160 passet definitivt best. Jeg er også på jakt etter ny pick up til armen, så kom gjerne med inntrykk når du får anskaffet en ny.
Inntrykk skal meddelast, når eg har fått pick-upen og montert den forsvarleg. Er jo veldig interessant den Benzen, som eg no går for. Sikker mange i min situasjon som er uerfarne med vinyl, men har lyst å vite meir. Oppgradering av pu er jo tross alt ein rimeleg investering.

Det er framleis happy days:)
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
Hallo godtfolk.

Då har pick-upen kome. Må vedgå at montering av denne var noko herk. Masse, og då meinar eg MASSE putling for å få på kablane. Høyrer vel kanskje med, då dette var mitt første pick-up skifte. Må vera varsom også, er jo veldig skjøre ting ein har med å gjere.

Det som gjorde det ekstra strevsomt var at "pinnane" på AT95 var ein tanke større enn dei på Benz Gold. Noko som førte til at eg måtte klemme litt på kontaktane. Etter det stilte eg inn retninga på puen med hjelp frå den enkle protaktoren som fulgte spelaren. Brukte den enkle Ortofin pick-up-vekta til å stille stifttrykk. Valte 2 gram, som anbefalt. Har ikkje teke sjansen på å endre noko på dei andre innstillingan, berre sjekka visuelt at dei er sånn nokonlunde. På lyden å døme så er innstillingane iallefall ikkje heit på bærtur. Og lyden, den er god. Heilt anna divisjon enn AT95.

Legg ved nokre bilete, så er det berre å skrike ut dersom de ser noko som er hakkande gale. Er det nokon i Sogndal omegn som har peiling og utstyr til å fininnstille, så hadde eg satt utruleg pris på ein PM.

Bat
 

Vedlegg

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
emotikon skrev:
Se der ja- gratulerer.

Låter det bra, er det bra :)
Takk skal du ha.

Eg tykkjer det let heilt fortreffeleg. Heilt anna tilstadeverelse i musikken enn det eg har vore vand med. Mykje meir av alt som er bra. Og med tanke på at eg fortsatt har ein jobb å gjere men fininnstillinga, så kan ikkje dette bli anna enn bra.

No ventar eg berre på Pro-ject Record pucken som eg kjøpte på brukten her. Dukkar sikkert opp i morgon.

Glad
 

bat

Hi-Fi interessert
Ble medlem
31.03.2004
Innlegg
86
Antall liker
1
bat skrev:
Ein anna ting som eg lurer på har med kabel å gjere. Det fulgte med ein rca kabel med innfelt jording til platespelaren. Når denne er tilkobla er det heilt tyst. Når eg prøver med andre phonokablar (Mit T5, Black Rhodium Harmony), så vert det voldsom med støy/brum. Har då også jord tilkobla. Kva kan dette komme av?
HA...prøvde for morroskuld å skifte til ein av dei andre rca-kablane i går kveld. No er denne kabelen like tyst som den medfølgande. Det var litt overraskande, men likefult tilfredstillande. Kan dette ha med at ein MC pu er mindre følsom for innstrålt støy enn ein MM pu?

Ein anna god ting: Pucken kom i dag :)

Bat
 
Topp Bunn