Den siste tida har eg vore for oppteken til å lytte skikkeleg til musikk. Har strøyma kvar dag, men ikkje funne roen, sjølv om eg var på Hortenmessa og fekk litt pågangsmot etter å ha høyrt mykje bra der, men fyrst no fekk eg sjansen til å skru på vinylriggen. Køyrde med den gamle travaren Denon 103, og lytta til Supertramp "Crime of the Century", etter å ha høyrt strøymeutgåva (Spotify
).
Dette var noko anna, ja.
Rett nok var det ei spesialpressing, og vinylriggen noko over gjennomsnittet. Min gamle ARC SP 10 rørslede er nesten 40 år gammal. Eg skjønar no at eg bør tvinge meg til å spele vinyl oftare, sjølv om latskapen helst vil ha meg til å bruke fjernkontrollen, og ikkje flytte meg frå sofaen. Sjølv om eg mange gonger har kritisert DL 103 for å ha for dårlege perspektiveigenskapar var dette rett og slett flott.