Det er frykteleg viktig å arbeide med høgtalarplasseringa. Bassnivået, og dermed klangbalansen til høgtalaren er sterkt avhengig av kor nær bak- og sidevegg dei er plassert. Perspektivet også. Dessutan er vinklinga innover mot lytteposisjon sterkt samanfallande med dette, og vert i ganske stor grad eit spørsmål om høgtalaren sin konstruksjon og kor viktig perspektiveigenskapane er. Dessutan kan opptaksteknikken på musikken din legge sterke føringar på kor mykje du må rette dei innover. Har du eldre klassiske innepslingar (som Decca og RCA før 1960, og dessutan Opus 3, som er lette å få tak i), har den spartanske mikrofonbruken perspektivmessige kvalitetar som eg opplever vert best ivaretekne med å rette høgtalarane rett mot deg. Om du brukar Philips- eller EMI-innspelingar frå slutten av 60-talet og framover, eller dei direktegraverte klassiske innspelingane frå Sheffield, er det oftast best å rette høgtalarane rett fram.
Men dette heng saman med høgtalarkonstruksjonen. Mange horn, og iallfall elektrostatane mine, må berre rettast rett mot lytteposision elles får du heilt feil klangbalanse og uklårt perspektiv. Elektrostatar er elles også svært nimme på avstand til bakvegg. Dei bør ha eksakt same avstand, og han må ikkje vere for liten - iallfall ikkje om du har fulltone og vil ha ut litt bass. Du bør også sitte akkurat i midten med like stor avstand til kvar høgtalar.
I det heile er høgtalaroppstilling ikkje berre ein vitskap, men også ein kunst og eit handverk, der det sjølvsagt er reglar, men det er få absoluttar. Personleg har eg laga notatar om det aller meste (av det viktigaste) eg har gjort i mitt viktigaste lytterom #1 heilt sidan eg flytta inn her i 1983. Ei herleg dagbok....