Bukkeribba heng på loftet. Eg har sjekka annankvar dag, og passa på som ein hauk. Ho ser tilnærma perfekt ut, bortsett frå at bukken har gått på nordsida av fjellet, og ikkje på sørsida, der dei vert om muleg endå betre. Saltinga er litt i overkant, men ho skal i vatn i morgon ein gong, så det skal gå bra. Surkål kjøper eg. Kålrabien har eg også kjøpt i år - eit tilbakesteg, for den kålrabien eg dyrka sjølv, fekk eg eit par frostnetter på, og då vart han naturleg søt. No må vi sukre litt, tenkjer eg, men det står att å sjå kor god kjøpevarene er. Drikkevarene er i orden, både slikt som leskar og slikt som riv. I går var den store lefsebakedagen, og 18 nysmurde lefser etter Olga Kvamme si oppskrift ligg i frysaren. Så har Sarah Bernard-kakene fått på fyll. Dei er lagde i frysaren, slik at sjokoladeglasuren skal sitte skikkeleg i morgon. Ein utsending fortel at fløytekaramellane er ferdige til oppskjering, noko eg eigentleg skal sleppe. Bestemor har laga krumkaker og Marylandkjeks i massevis. Ungdomen har ansvaret for peparkaker og - hus, og har skremmande god tid - utsett alt til i morgon. Då er det berre juletrefangst og dessertbaking som må ordnast i morgon - altså moltefromasj, bringebærfromasj og karamellpudding. Men det er også kjøpt inn ei iskrem-maskin som det var meininga vi skulle ha på jomfrutur....
No er det innatt til anlegget for å spele litt musikk. Eldstemann av ungdomen har endå ikkje høyrt nyehøgtalarane, og vi er begge spente på kva domen vert (blasert ungdom med JBL, men kanskje han vert litt imponert over lyden no?)
Uansett, ha ei strålande jul, alle saman, oppfør deg pent, ver storsinna, og hald julefred. Ikkje drikk for mykje medan ungane ser på, spel passande musikk, gjerne på oppfordring, og pass på å mosjonere litegrann innimellom.
Så trykkjest vi etter kvart.
God jul!