kjetinho
Overivrig entusiast
- Ble medlem
- 22.03.2005
- Innlegg
- 788
- Antall liker
- 22
I ein annan tråd på sentralen kom gainstruktur inn som eit delvis off-topic tema. Eg har fundert på noko av dette sjølv, men berre såvidt skrapt i overflata på dette temaet. Denne linken vart lagt ut i den nevnte tråden, og gir ei kort oversikt om kva det dreier seg om. http://www.diyaudio.com/forums/diyaudio-com-articles/186018-what-gain-structure.html
Eg har nok sjølv eit anlegg med alt for mykje gain. Det startar med ein Chord dac64, med utgangsspenning på 3 V. Eg finn ikkje oppgitt gain verken for forforsterkaren, Copland CTA 305, eller effektforsterkaren, Doxa 73. Men eg merkar at eg ikkje treng skru volumkontrollen veldig langt før det er høgt nok, for å sei det slik.
Er det nokon måte eg kan finne ut kor mykje gain produkta mine har?
Copland CTA 305 har 12ax7 røyr. Ser at dei skal ha gain på 100. Men dei kan bytast med 5751-røyr som har gain på 70. Det skal eg prøve ut, men då treng eg fyrst å få fatt i nokon slike.
No kopla eg inn nokon Rotwell attenuatorar som dempar 10 dB ved inngangen på Doxa. Tykkjer det vart ein betring, med generelt klarare lydbilete.
Har nokon tips til meg om kva eg kan gjere vidare for å matche produkta mine? Er open for litt DIY-tweaking om det kan føre fram.
Kom med råd, fakta, generelle utsegner, formlar, kva som helst som kan gje meg meir kunnskap om dette temaet.