Først jazzkonsert ever på rocke scenen Tribute i Sandnes, og så er det Frode Gjerstad Trio, dette blir interessant!
Frode Gjerstad Trio | Tribute
"Der er ikkje hardrock, men jazz som blir presentert av Frode Gjerstad Trio på Tribute sundag kveld.
Jon Rune Strøm, Paal Nilsen- Love og Frode Gjerstad er mennene bak Frode Gjerstad Trio som inviterer til konsert med improvisert jazz.
Jazzmusikaren Frode Gjerstad frå Stavanger spelte for kort tid sidan konsert med Armar & Bein på Tribute. Scenen og lokala fall i smak.
Ville tilbake
Han likte spelelokala så godt at han spurde om å få koma tilbake og spela med sitt eige band. Det fekk sjølvsagt lov til. Frode Gjerstad og Paal Nilsen-Love har eit langt vennskap og musikalsk samarbeid bak seg. Dei har spelt saman sidan dei var tenåringar. Sidan den fyrste innspelinga i 1992 har det blitt ni plater. Den siste plata kom ut i vår.
Gjerstad blei kjent internasjonalt då han starta samarbeidet med John Stevens og Johnny Dyani. Sidan har han laga plater med musikarar som Borah Bergman, Bobby Bradford, William Parker og Hamid Drake. Han blei kåra til årets jazzmusikar i 1996. For tre år sidan fekk han kulturprisen i Stavanger.
Nokre av dei beste
Paal Nilsen- Love har spelt med nokre av dei beste musikarane i verda innan denne sjangeren. Han har spelt med Joe McPhee, Ken Vandermark og Mats Gustavsson. Han speler trommer av ulike storleikar, samt på ein mengde andre ting. Jon Rune Strøm er ein ung bassist som allereie har rokke å spela med kjende namn som Johannes Bauer, Martin Küchen og Paul Lytton. Han er utdanna ved jazzlinja i Trondheim.
Gjerstad speler klarinett og saxofon. Saman improviserer trioen nokre gonger veldig høgt, og nokre gonger veldig svakt. Konserten er improvisert frå byrjing til slutt. "