Formula 4-armen er ein av dei lettaste du kan få tak i, og fungerer veldig godt med MM-pickupane frå tidleg 70-tal. Den var svært billeg på 70-talet og vart omsett av Audioscan i "bøtter og spann". Ikkje verdas aller beste, men veldig mykje for pengane, den gongen så vel som no.
Saman med LP12 vil nok dette vere ein kjempekombinasjon om du finn ein gammal Shure V15 mk II og kostar på deg ein ny stift med FineLine-sliping. LP12 er dessutan ein platespelar du kan oppgradere "heilt inn i himmelen" om du er på jakt etter det aller beste. Det er eit litt krevjande drivverk, men løna er veldig stor for å finjustere og ha alt på stell.
Anar vi ein Dynavector DV23 på Formula 4-armen? I så fall er kombinasjonen ikkje heilt god, og eg ville lytta til rådet mitt så fort eg kunne...... ;D