Er demping vits uansett?

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.253
Antall liker
6.873
Sted
Market Snodsbury
Litt pussig spørsmål, men det er varemerket mitt!

I heimen snakka vi litt om heimeinnreiing og slik, og eg fekk brått idéen om å føreslå at eg kunne hengja nokre akustikkplater på veggen. Det var eigentleg ikkje seriøst meint, men meir eit slags framlegg for å seia kva eg var oppteken av når det galdt heimeinnreiing.

"Kjempefint!", sa kona. "Det høyrest skikkeleg stilig ut. Særleg om eg får bestemma stoff."

Så då må eg nesten gjera det, då.

Stova ser slik ut:


Platene hadde eg eigentleg tenkt å plassera i øyrehøgd på veggen motsett høgtalarane. Dei kjem uansett til å verta eit dekorativt element, men trur de at eit slikt tiltak vil gje lydmessig gevinst i det heile? Veggene våre er, bortsett frå dei to bokhyllene som står i stova (resten av bøkene står på "kontoret"), nakne, kvitmåla vegger med "herregårdspanel" (trur eg det heiter).
 

Vedlegg

Mbare

Hi-Fi freak
Ble medlem
25.02.2003
Innlegg
2.428
Antall liker
11
Heldig med kona, du. :)

Jeg lånte noen aku-plater i går og slengte de opp på veggen rett bak lytteposisjon - det er ikke så mye annen ledig plass på veggene hos meg heller. Var det effekt? Sjuke sa... ja! Om det var udiskuterbart til det bedre og bare det, er juryen fremdeles ute og diskuterer.
 

Fosse

Æresmedlem
Ble medlem
19.08.2003
Innlegg
11.773
Antall liker
30.123
Torget vurderinger
28
Mer demping er vel ikke alltid til det bedre, men, et rom som er sparsommelig møblert, med glatte og harde vegger, er aldri optimalt.
Hva som er for mye for lite avhenger ofte av smak og behag.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
6.253
Antall liker
6.873
Sted
Market Snodsbury
Mbare skrev:
Heldig med kona, du. :)
Ulempa er at ho diverre føretrekk stillheit framføre musikk ::) Uansett.

Rommet er nok ikkje det verste, sidan panelet (med masse profilering) er mjukare enn betong og burde gje ein viss, om enn uberekneleg, diffusjonseffekt. Men eg må vel prøva, sidan eg har fått ei moglegheit andre ville gjeve mykje for. Med den (manglande) effektiviteten vi plar ha her i huset, trur eg nok eg kan rapportera om effekten om lag når snøen byrjar å falla.
 
Topp Bunn