Litt pussig spørsmål, men det er varemerket mitt!
I heimen snakka vi litt om heimeinnreiing og slik, og eg fekk brått idéen om å føreslå at eg kunne hengja nokre akustikkplater på veggen. Det var eigentleg ikkje seriøst meint, men meir eit slags framlegg for å seia kva eg var oppteken av når det galdt heimeinnreiing.
"Kjempefint!", sa kona. "Det høyrest skikkeleg stilig ut. Særleg om eg får bestemma stoff."
Så då må eg nesten gjera det, då.
Stova ser slik ut:
Platene hadde eg eigentleg tenkt å plassera i øyrehøgd på veggen motsett høgtalarane. Dei kjem uansett til å verta eit dekorativt element, men trur de at eit slikt tiltak vil gje lydmessig gevinst i det heile? Veggene våre er, bortsett frå dei to bokhyllene som står i stova (resten av bøkene står på "kontoret"), nakne, kvitmåla vegger med "herregårdspanel" (trur eg det heiter).

Vedlegg
-
61.5 KB Visninger: 378