Jeg spurte ikke om din mening om Tolkien franchisen. Jeg spurte om det er greit at en regissør, Serkis, lager en film med sitt persongalleri slik han selv vil, og uten å bli kalt rasist. Er det vanskelig å svare på?
Tolkien-franchisen, qua "franchise", er relevant for spørsmålet.
Det ville vore løgn å påstå at eg, då eg las Hobbiten, Ringenes Herre og Silmarillion for 35 år sidan, såg føre meg nokon av karakterane som noko anna enn kvite, nordeuropeiske typar. Alvane, dvergar og hobbitar som litt eteriske og annleis, sjølvsagt, likevel variantar av same etnisiteten. Då fanst jo ikkje filmatiseringane, men illustrasjonane (særleg Howe og Lee) støtta opp under kjensla mi. Lingvistikken til Tolkien også (som alltid interesserte meg).
Så kom Jacksons trilogi, som i stor grad la seg på eit produksjonsdesign som følgde Howe og Lee.
I den grad eg har tenkt på Tolkien som "rasist", og tanken har streifa meg mange gongar, er det fordi eg har tenkt at både Haradrim og orkane var litterære "stand-ins" for ikkje-europeiske folk. Eller, sidan Tolkien tvilheldt på at verket hans var ikkje-allegorisk: At det var ei veldig nærliggjande lesing (akkurat som det er nærliggjande å lesa Rowlings goblins/gnomar som litterære "stand-ins" for jødar, noko som også ubehageleg å lesa).
Så gjer altså Amazon, av alle (sannsynlegvis med kommersielle interesser) eit interessant grep i Rings of Power (som eg ikkje har sett). Dei castar slik at ein skal betrakta Tolkiens verk som "rein" myte, eller "fantasy", der den gode sida skal svara til heile menneskeætta, like multi-etnisk som verda framstår i dag.
Eg forstår at det er der Serkis går inn i diskusjonen, jf. NRK-artikkelen.
Ein sideeffekt av Amazon-castinga er at det gjer lesinga av Tolkien som "rasist", eller i det aller minste euro-sentrist, ugyldig. Er det bra eller dårleg? Eg tenkjer at det er fint at alle kan lesa Tolkien og kjenna at dette handlar om dei, og sidan få filmatiseringar (eller franchise-bidrag, som alt etter Jacksons LoTR har vore) har særleg kritisk distanse, er det kanskje den beste løysinga.
Altså (om du las så langt): eg tykkjer spørsmålet om Serkis er rasist eller ikkje er
det minst interessante spørsmålet.
Disney hadde dverger i nyinnspillingen, de turte bare ikke bruke ekte skuespillere, som det fantes flere villige av. Helt tåpelig.
Ja, ei god filmatisering hadde sjølvsagt stilt spørsmålet om kva "dverg" betydde i eventyret. Men Disneys live-action-filmatiseringar er laga med teiknefilmane som visuell mal, og eg slit med å finna noko som helst interessant å seia om dei.
Eksempler på det du spør om har jeg gitt flere av. En norsk film anmelder kommenterte nøyaktig det samme som jeg om Rogue One. Men jeg ser dette i ganske mange filmer for tiden.
Temaet er omdiskutert i USA og debattert av flere innad i Hollywood. At du ikke engasjerer deg i saken er helt greit, men det betyr ikke at alle andre overser det.
Som sagt, eg har ikkje kome over ein einaste film der eg har opplevd denne "bransjestandarden" som problematisk. Iallfall ikkje på eit slikt nivå som det vert framstilt her. Problema som vert skisserte framstår for meg som hovudsakleg oppkonstruerte, og ikkje noko problem for gode regissørar.
Eg kjem på castinga av Mr Travers i den nye filmatiseringa av Towards Zero (Mammoth). Eg hugsar eg reagerte, fordi filmen er sett i England på 1930-talet,. Å casta Travers som svart openbert bryt den "historiske fiksjonen". Men: det som ei slags påminning om at vi ser eit oppsetting av Christies mysterium, ikkje eit forsøk på å gjenskapa det som ein dokumentar (noko som uansett burde vera openbert frå den draumeaktige produksjonsdesignen). Litt som å vera på teater, nesten. På teater godtek vi at det vi ser berre er meint å representera dei viktigaste dramaturgiske aspekta. Det gjer vi på skjerm også, men vi tenkjer ikkje så mykje over det.