Eit lass høgtalarar – Stig Arne si dagbok juli 2022

SAD-0722 (1 of 1)-5.jpg


Eit knippe gamle høgtalarar denne gongen, og korleis du får dei opp og stå att, om dei har skader eller defektar. Og ein pille mot promille i ølspalta. Eller berre eit glas vatn.

HJARTESTARTAR

Alle burde ha ein hjartestartar i heimen. Ikkje avdi eg har dårleg hjarte. Eg tenkte meir på ei verktykasse for å få gang på gamalt utstyr (eg snakkar framleis ikke om meg sjølv). Det er ikkje rare startpakka som trengs: Nokre skrujern og denslags, ei nebbtong og ein loddebolt, svart og brun tusj for å dekkja over skader både på forsterkarkabinett og høgtalarar, og formtre og teakolje for høgtalarkabinett i ekte finér. Med dagens prisar på edeltre, er gamle kabinett i ekte tre verdfulle og ein pryd for heimen. Eg har eit bankande hjarte for slikt.

EIT LASS HØGTALARAR

Eg fekk eit lass med høgtalarar av ein kjenning for noko sidan. Han og faren hadde hatt ei opprydding. Eg takka og bukka! Det er alltid spanande å studera nye ting. Dei kan vera brukande, dei kan vera gode, du veit ikkje før du har prøvd. Om dei ikkje er av ein slik kvalitet at du sjølv vil bruka dei, er det alltid kjekt å kunne gje dei vekk eller selja billeg til andre trengjande. Det kan vera ein del arbeid med å setja dei i stand, men det er meiningsfullt og lærerikt. Om det ikkje er noko å ha på, eller om du gjer tabbar under restaureringsarbeidet, er det berre å levera dei på den kommunale gjenbruks-stasjonen (og ikkje utfor vegen i eit juv. Skamma seg skulle dei.) Men eg kjem som regel alltid langt med reingjering og tusj. Legg på tusj, og gå over med fingeren før tusjen turkar. Slik fjernar du den delen av tusjen som hamnar på sidene av sjølve skaden/ripa, medan tusjen i ripa vert liggjande. Dette gjeld både forsterkarkabinett og denslags, og høgtalarar med vinyltrekk. Øving gjer meister!

Det fyrste eg gjer, er å turka vekk skit og støv. Av med grillane for å sjekka om elementa har fått skader. Trykk basselementet forsiktig inn. Skrapar det, er det sprengt. Då må du vurdera om det har nokon hensikt å gå vidare. Er det ein kvalitetshøgtalar, og element kan skaffast, er saka grei. Om ikkje, går det på gjenbruks-stasjonen, etter at du eventuelt har skrudd ut og teke vare på fungerande element. Ser alt lovande ut, vert høgtalarane kopla opp, ein i gongen eller begge to. Sett på musikk, passe høgt. Du høyrer med ein gong om det er lyd i basselementet, dessutan vibrerer membranet tydeleg. Med litt trening høyrer du òg om det er liv i dei andre elementa; legg øyret inntil. Diskantelementet er det vanskelegaste å høyra. Legg handa framføre. Forsvann diskanten?

Les heile julidagboka til Stig Arne i Audiophile.no
SAD-0722 (1 of 1)-4.jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
616
Link til alle artikler
313
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Chromecast med Google TV – nå på sparebluss

Chromecast med Google TV – nå på sparebluss

  • 0
Chromecast med Google TV fikk en god test av oss tidligere i sommer. Nå kommer den i en enda lavere pris for deg som greier deg med HD Chromecast med Google TV ble egentlig lansert høsten 2020...
Fortsett
Audiophile.no
Hard lyd: jakta på syndaren – Stig Arne si dagbok august 2022

Hard lyd: jakta på syndaren – Stig Arne si dagbok august 2022

  • 0
Eg har relativt nyleg vorte klar over eit problem kring polstykket og støvhetta på vanlege dynamiske høgtalarelement. (Sjå bileta, so skjønar du kva eg snakkar om). Det er eit lite påakta problem...
Fortsett
Audiophile.no
Hortenmessa fyller 20 år, og Audiophile.no har pakka sekken

Hortenmessa fyller 20 år, og Audiophile.no har pakka sekken

  • 1
Den tradisjonsrike HiFi-messa i Horten har vært et fast og hyggelig samlingspunkt for HiFi-entusiaster på begge sider av kassaapparatet, og i år er det 20-års jubileum. I år stiler vi med tre mann...
Fortsett
Audiophile.no
Beosound Balance, nå i Natural Aluminium

Beosound Balance, nå i Natural Aluminium

  • 0
Den ikoniske Beosound Balance har vært på markedet i over to år. Nå kommer den i nytt antrekk, og for noen av oss fremstår dette som den kanskje mest vellykkede materialbruken av dem alle. Da...
Fortsett
Audiophile.no
Sonos Sub Mini – større enn forventet, men ikke dyrere

Sonos Sub Mini – større enn forventet, men ikke dyrere

  • 0
Noen nyheter dukker opp som lyn fra klar himmel mens andre ser vi komme i lang tid. Sonos Sub Mini er et eksempel på sistnevnte kategori. Men ikke helt…. I løpet av det siste året har Sonos...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Bose QC45 – en ANC-mester som overrasker ved å yppe seg i tetsjiktet på sammenlagtlista.

TEST: Bose QC45 – en ANC-mester som overrasker ved å yppe seg i tetsjiktet på sammenlagtlista.

  • 0
For få uker siden presenterte vi en test av B&W PX7 S2. I dag kan vi publisere en test av en heftig konkurrent som vanligvis blir definert til å tilhøre motsatt banehalvdel. Men kanskje verden...
Fortsett
Topp Bunn