Hauge-verset i dag: «Eg lyt finna på noko gale» (frå Janglestrå)
Gleda vart for stor,
kjelen held på og syd yver,
eine vektarmen peikar til himmels!
Eg lyt finna på noko gale,
slå kaldt vatn på kjelen,
hengja ein stein på vekti,
hogga den største fura eg har.