Ja, her har du utfordringar. Eg brukar ein 103 til "kvardagspickup" for tida, og har hatt ymse 103-variantar heilt attende til 1978, i armar som Technics EPA100, Eminent Techonogy ET2, FR 64, JMW 9 (begge typer armrør og leidningsføring Reference var det visst) og endeleg Kuzma Stogii 313 Reference som eg brukar no, etter å ha oppgradert min VPI SSM (ekstremt god platespelar, men sidan eg opplevde armen som det svakaste leddet, gjekk eg for Kuzma sin beste 12" arm. Denne er lettare å justere, medan JMW-armane gjer det raskaste pickupbytet på marknaden - du nappar berre ut kontakta, lyfter av heile armrøret med pickup og alt, og har på nr 2) Eg opplevde generelt betre lyd, og spesielt Denon 103. Einaste pickupar eg ikkje merka særleg skilnad på endra seg var Dynavector og Bentz (som er ganske ukritiske til arm etter mine erfaringar.)
301 er nok ikkje i produksjon lenger, og det er ei stund sidan eg prøvde slike. Men han spora utmerka i ein Infinity Black Widow (ein av dei lettaste armane som nokonsinne har vore på marknaden)
Når desse to pickupane fekk gode arbeidstilhøve, let dei ganske ulikt. 103 er litt feitare og meir engasjerande, og den eg likar best (sjølv om 103D er min 103-favoritt - denne hadde Shibatanål og greidde å få til eit ganske bra lydbilde, noko som dei andre 103ane ikkje imponerte med). 301 er meir "moderne" i klangsamanheng om enn ikkje direkte analytisk.
Eg synest det er vanskeleg å gje råd. No er JMW 10 i kraft av å vere lengre, også litt tyngre enn min JMW9. Det går an å legge på litt meir masse på armrøret (plastilin eller liknande) og så gå for 103R. Dersom du ikkje har ein 301 innan rekkevidde, kan det vere vanskeleg å få tak i ein slik, og då har du ikkje alternativ. (men hadde eg hatt ein spelar med JMW-arm, ville eg gått for ein annan pickup, gjerne ein Benz eller Dynavector i skapeleg prisklasse)
Du får ha lukke til!