Eg har eigd tre tangentialarmar. Den fyrste var Eminent Technology ET 2, ein fantastisk arm som gjorde at eg vart beinhard entusiast. Så flytta eg til utlandet, og måtte dumpe ET2 saman med Technics SL 1000 mk2 - det dummaste eg har gjort i hifi-samanheng. I staden fekk eg tak i ein Linn Sondek LP12, som var god, men ikkje så god som den eg hadde før. Eg kom heim frå utlandet med spelaren, kvitta meg med standard Akito-arm (grei arm det også, men ikkje tangential). Hadde aldri sett/høyrt ein tangentialarm på flytande opphengt drivverk, men kjøpte ein Cantus. Den fekk eg heller ikkje til, og herpa han, slik at han måtte attende til produsenten. På vegen attende gjorde postverket kort prosess og knuste glasrøyret.
No har eg kjøpt platespelar til dotter mi, og sidan ho er novise på vinyl, bør det vere heilautomatikk, i tillegg til at det bør vere lett å justere, altså ein tangentialarm. Eg veit at jenta er rimeleg bortskjemd når det gjeld godlyd, så ein TP4-arm vil vere å avskjere henne frå dei store pickupopplevingane. Det same vil det vere med ein B&O-spelar. No er det rett nok gode pickupar til desse armfatningane, men jenta kjem frå ein møblert heim med ganske mange pickupar opp gjennom oppveksten. Altså måtte tangentialarmen ha SME-pickupshell. Då vert det noko snevert utval. Dei to mest utbreidde er Yamaha PX2, som stort sett kostar svinaktig mykje, og den noko rimelegare Pioneer PL-L-1000. Det vart den sistnemnde, då den var heilt i orden. Den var i Trondheim, men ved hjelp av gode vener er han no komen til Audiophile-stova, der eg sjekkar at alt er i orden. Den håpefulle, framtidige eigaren vil helst ikkje ha han før ho har flytta i nytt hus, så han er no oppmontert med ein ganske krevjande Fidelity Research MC 44, som trivast utmerka i tangentiarm. Når denne vert returnert til eigaren, skal det prøvast med Kiseki Blå og kanskje ein Accuphase AC 1.
Å ha ein arm med perfekt geometri, altså ein tangentialarm, er kanskje viktigastste faktoren for pickupar med kritisk nålesliping. Mange har kritisert dei tunge sledane som gjerne skal dragast fram av rillene, men det ser ut til å fungere.
Før eg kjøpte min VPI Super ScoutMaster hadde eg bestemt meg for å ha tangentialarm på denne også. Men det var vanskeleg å få til, difor tok eg standard JMW 9-arm. Sjølv om denne var lynrask å byte pickup på, var han for selektiv når eg skulle teste ulike pickupar. Så eg skifta til ein 12" kuzma 313 Reference, som rett nok er dyr, men som er svært allsidig og lett å bruke. Pickupshellet kan dessutan skiftast.
Skulle eg kjøpe tangentialarm i dag, måtte den kunne brukast på VPI-drivverket. Men aller helst skulle det vere topparmen til Clearaudio eller Kuzma, og ein splitter ny Technics SL 1000 (ja, utgåva til 200 000).