Re: Cantus tonearm
Slik eg fekk armen, var han vanskeleg å montere. Leidningsstrekking og pålodding av pluggar kom i tillegg til justeringane.
Dessutan vart glasrøret kulelagera går i, knust i posten då Bo Hansson fekk han attende for reparasjon, noko som også hadde fatale følgjer for pickupen.
Armen er eigentleg superenkel, og vil sannsynlegvis fungere ganske greitt.
Lagringa er to kulelager i eit glasrør, banalt enkel. Fekk ikkje prøvd Cantus på ein skikkeleg måte, men hadde von om at for fyrste gong skulle det la seg gjere å montere ein tangentialarm på LP12.
Men no har eg gått attende til Akito, og kvittar meg med Cantusprosjektet....