Re: Bruk Originale Rør.
Svetlana og Svetlana rør er ikkje så heilt enkelt. Det gjeld å halde tunga beint i munnen:
I St. Petersburg ligg Svetlana fabrikken som starta med lyspæreproduksjon rundt 1890 og har laga rør sidan 1928. Etter Glasnost og perstroika på 1980-talet gjekk det svært dårleg og eit amerikansk firma (Svetlana Electronic Devices) gjekk inn med kapital for å redde fabrikken. Dei heldt på til midt på 1990 talet, då gjekk det amerikanske firmaet konkurs og heldt på å rive med seg fabrikken i Russland i fallet. Etter ei stund kom fabrikken seg ovanpå igjen og det engelske firmaet PM Components vart leverandøren deira (på verdsbasis så vidt eg veit..) Etter konkursen kunne ein kjøpe rør direkte frå fabrikken og ein del dårlege rør vart nok også sendt ut for å få litt pengar i kassa, men det var ikkje bra for ryktet. No kan ein berre få desse røra frå ein av representantane til PM Components, i Noreg er det Motron. Demostenes hadde agenturet på Svetlana før konkursen.
Det amerikanske firmaet selde logo og Svetlana namnet til New Sensor Corporation i New York som har Sovtek, Electro Harmonix, Mullard, Tung-Sol o.a. Dei sel rør som er laga på ein eller anna av fabrikkane deira i Russland som Svetlana rør, og ingen kan nekte dei det. Dette er juridisk sett Svetlanarør. Dei som sel rør frå Svetlana fabrikken har ikkje lov til å kalle desse Svetlana. Namnet er beskytta og tilhøyrer New Sensor. Det er difor desse røra vert kalla ofte 'Winged-C'. Eg ser Motron kallar røra for Svetlana rør, men det er altså feil.
Så er det også slik at rørfabrikkar lagar rør for kvarandre. Slik har det alltid vore, i alle fall etter 2. verdskrigen. Philips og Mullard har vore same firmaet sidan slutten av 1920-talet. Mullard rør vart laga helst i England, men kunne godt vere laga på Philips fabrikken i Holland. RCA rør vart laga på fabrikken deira i New York, men kan også vere laga i Mexico og Brasil! Refektor fabrikken i Russland lagar m.a. EL 34 og 6L6 rør for New Sensor. Dei vert selde som Sovtek eller Electro Harmonix. Utan at eg veit det positivt, vil det ikkje forundre meg at dei i periodar lagar same type rør for Svetlana fabrikken i St. Petersburg når dei brukar maskinene til andre typer, og omvendt. Maskinene skal stillast inn til ein type rør, og då vil ein helst lage 10.000 stk eller meir i slengen. Held ein på med å lage EL 34 rør, og får ei diger bestilling på 12AX7 som hastar, er det ikkje berre å stille om maskinene for dette. Ein prøver helst å spørje ein annan fabrikk om dei vil lage 12AX7 på lisens rør for seg. Det er ikkje lett å drive rørproduksjon i dag. Marginane er knappe og har ein ikkje maksimal utnytting av produksjonsapparatet, er konkurset nær.