SL 2000 er etter mi meining eit hakk betre enn klassikaren 1200/1210, og armen god nok til veldig mykje. Men det er ein relativt tung arm, så det kan vere fornuftig å sjå etter eldre MC-pickupar for optimalt resultat. Likar du ikkje Denon, er det andre ting med heilt annan lydsignatur som kan funger godt for deg. Av dei rimelegare typane kunne det vore fornuftig å prøve ut ein Audio Technica (dei har andre enn OC 9 om du ikkje likar denne). Dynavector fungerer også ganske bra på Technics-spelarane, men kostar meir. Og om du går opp i pris til pickupar til over 5 kkr, vert det liksom interessant å tenke på andre alternativ. Skulle du snuble over ein pent brukt Koetsu vil du garantert bli imponert (høyrde Koetsu Black på ein SL 1500 for mange år sidan, og det var topp), men det er i høgste grad overkill ...