Har leika meg litt med både dette med store/små høgtalar-innstillingar på multikanalsreceivaren, så vel som med delefilter og anna opp gjennom tidene, og tykkjer det er skilnad på ein eller to bassar uansett. Eg er usikker kva tid det er skilnad mellom mono og stereo. Prøvde å køyre monosignal frå forforsterkaren med ein/to bassar, og det er klar skilnad (to bassar er betre enn ein, eller iallfall ganske annleis enn ein) Altså har eg mange erfaringar, men er meir usikker enn nokonsinne på kva som er det "beste".
Sjølv køyrer eg no InnerSound Eros, som er ein elektrostathybrid med transmisjonslinjebass (arbeider frå 400 Hz og nedover til nivået dalar ut ein stad mellom 32 og 24 Hz). Ved å spele berre basselementa og testplate der eg skiftar mellom stereo-mono på forforsterkaren, er det skilnad heile vegen frå 400 Hz til iallfall 30 Hz. Men det kan sjølvsagt vere andre årsakar.
Til heimekino brukar eg oftast 80 Hz deling.