Second opinion: Eg har lytta eindel siste mnd no og sit igjen med fylgjande inntrykk, som med få unntak bekreftar fyrsteinntrykka:
Fyrst og fremst har eg etter eindel lytting oppdaga at oppsettet er spelar veldig stille. Litt vanskeleg å forklare dette, for ikkje å snakke om det faktum at eg opplever dette som einsidig positivt, men der er ein slags ro over lydbildet, alt anna enn stressande. Like fullt; dynamikk er nok Phonofixens sterkaste side. Sjølv med den vesle 70-wattaren min oppfattar eg oppsettet som veldig livleg og sprudlande. Med unntak av djupbassen, som med fordel kunne vore noko meir kontrollert, er lydbildet godt definert; kvart enkelt instrument og stemme kjem på gode opptak meget godt fram og høyrest veldig ekte ut. Vedr lyttetrøtthet: Eg spelar gjerne ei og same plate samanhengande i 3-4 dagar før eg føler for å slenga på noko nytt. Når eg så byter plate etter plate, er det oppsiktsvekkande å registrera kor stor differanse det er i lydkarakteren mellom platene, hvilket eg anser som teikn på at oppsettet er nokså nøytralt. Det er litt lite gain, men ikkje verre enn at eg må hugsa å skru betrakteleg ned på preampen dersom eg skal setja på ein film (kan ikkje hugsa sist eg spela cd`ar). Eg har foreløpig latt dip-switchane få stå i fred (har hatt nok med å spela av platenen mine), men er spent på kva ei seinare justering av desse ev vil ha å seie.
Eg er framleis meget godt fornøgd med resultatet som eg igjen vil karakterisera som eit rimeleg bra matcha oppsett (kanskje med unntak av effekt som er litt laidback men som ellers fungerar glimrande) og er forbausa over kva ein budsjettspelar med rimeleg pickup kan levera. For min del blir det nok lenge til komponentar i vinylriggen bytast ut. No ser eg meg heller om etter nokre nye plater.
Mvh. Karl