Alternativ til Pi Musicbox?

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.422
Antall liker
3.541
Sted
Sunnmøre
Heisann.

I dag har eg ein Pi 3B+ med Hifiberry Digi+ Pro som DNLA/UPnP-streamer (til RME ADI-2). Eg såg posten frå @cbarth1 om PI2AES, men det får vera måte på. Køyrer Pi Musicbox v. 0.7, som stort sett fungerer problemfritt.

Stort sett, altså. No er det ikkje meining i å oppgradera berre for å oppgradera, men det hadde jo vore flott om eg kunne løyst desse to problema:
  • Spotify-støtta (librespot) er litt uggen
  • Eg hadde likt å kontrollera UPnP frå Pi-en via eit HTML-interface. I dag er eg avhengig av BubbleUPnP på Android-telefonen min, som fungerer fint der (men ikkje finst for PC eller iOS), Linn Kazoo (som ikkje får alt for mykje kjærleik frå Linn, trur eg) eller ein halvferdig Upnp-klient for Linux.
Eg speler ikkje av frå lokal disk, berre frå UPNP og Spotify.

Diverre er Musicbox-prosjektet daudt. På Github-sida tilrår dei HifiBerryOS, Volumio eller Roon. Eg er ikkje så veldig interessert i det siste, så eg lurer på om nokon veit om dei to fyrste kunne tenkjast å løysa problema mine.
 

X-Cell

Lorden av Nord!
Moderator
Ble medlem
23.10.2006
Innlegg
10.256
Antall liker
9.044
Sted
Narvik
Torget vurderinger
11
Bruker Volumio selv på en pi4b med touchscreen.. syns det funker helt ypperlig.
Spotify connect er det som brukes primært her da jeg ikke har noe lagret musikk lengre.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.422
Antall liker
3.541
Sted
Sunnmøre
Spotify connect er det som brukes primært her da jeg ikke har noe lagret musikk lengre.
Har vurdert det same, men eg har lagt så mange timar i ripping og tagging at hadde kjent meg bra dust om eg tok ned Upnp-serveren ;)

Får lesa meg litt opp på om Volumio har det eg vil ha. Beste argument for HifiberryOS er nokre DSP-greier eg ikkje trur eg kjem til å bruka.
 
Sist redigert:
Topp Bunn