Hei og God Jul folkens..
Ja, da ebbar året 2010 sakte og sikkert mot slutten..
For meg og familia har det vore flest hygglege hendingar i året som gjekk med
reisa til Kina som den store høydaren..
Men eg/vi fekk igjen ein påminning om at livet ikkje varer evig;
Året begynte med at min 77 år gamle far i hu og hast måtte med ambulanseflyet til Trondheim.
Hovedmotoren verka ikkje som den skulle... Han er tidlegare bypas-operertfor 16år sidan og nå
verka det som slikt var på gang igjen.. Etterundersøkingar og spaning over fleire dagar fekk han satt inn "pace-maker"
for å halde orden på hjerterytme og -puls..
Han er nå aktiv fjellgåar igjen og deltok i somar igjen på
"motbakke-løpet"
"Skåla rett opp" som nest eldste deltakar og fekk også 5 års medalja...
Mottoet er å ikkje sette seg ned å syns synd på seg sjølv... Dette kan ein lære noko av alle og ein kvar..
Satt i et slikt perspektiv så er det me holder på med her inne - i sær på spesielle "hjørner" - i ein heilt annen divisjon...
Ja,ja.. Som sagt året 2010 går mot slutten.. Siste vekene har det vore svært kald med klarvær og vakker lys..
For å syne dette så legg eg ved eit bilete ..
Det er tatt sist helg..
Fra Remøybrua mot Holmefjorden og Søre Vaulen
Herøy Kommune
Og her et andre vegen - motsatt
Elles; inni mellom arbeid og juleførebuingar, har eg kost meg med musikk avspelt på
på eit anlegg som eg berre frydar meg meir og meir over... Eg Har ingen "må
oppgradere" følelse i det heile, og vert meir og meir klar over dette etter som tida går..
Eg er så heldig å føle at eg har eit noko lunde komplett og balansert anlegg som speler MUSIKK. Alt fungerer så godt i hop
at eg ikkje vier merksemda mot "detalj ditt" og "detalj datt..." Eg veit at dei er der og eg har fokuset på
det som er viktigast med eit hifi-oppsett; musikken...
Et av mine siste platekjøp er
Sunsanne Sundførs
Brothel
En krevende plate - også av anlegget - som gir meg
frysninger på ryggen. Tittelsporet og ikkje minst det siste
"Father, Father.." med sitt fantastiske store rom med katedralfornemming og
klang er for meg ein "høydare"..
Denne anbefalast...
Elles - ha ein strååålandes dag folkens...
mvh
