Søkeresultater

  1. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Minioppdatering - målingene over er feil. Vet ikkje kva som har skjedd her, men faktisk målenivå ser ut til å ha vore kring 10-12dB lågare enn det som fyrst vart sagt. Korleis eg har fått til det veit eg ikkje. Over til betre nyheiter - eg har no ein høgtalar som spelar! Den andre har ikkje...
  2. G

    Georg sine 10m2 med lydglede

    Så var det denne tråden då... Eg kan forsikra alle om at mangelen på innlegg ikkje kjem av mangel på hifi-aktivitet. Rommet mitt er både behandla og eg har nye høgtalarar no. Genelec G2 har fått gå tilbake til jobben sin som PC-høgtalarar, mens @HoJ sitt gamle par med gradient revolution tek...
  3. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Har målt forvrenging på mellomtone og basselement no. Målenivå 2.83Vrms, som er ~95-97dB på mellomtonen i arbeidsområdet (~400-2kHz), og ~85-95 på bassen i arbeidsområdet (~100-400Hz) Bass: Mellomtone: Dette er resultat ein kan jobba med. Kartesian lagar openbert gode høgtalarelement, for her...
  4. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Tusen takk for rosen! Viss eg er ei inspirasjonskjelde for nokon så er det berre fordi eg sjølv har vorte inspirert av alle dei driftige folka her inne som delar fritt med seg av tankar og idéar. Eg skal fritt innrømma å vera typen til å driva meir med høgtalarkonsept og simulasjon enn det å...
  5. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Det har gått sakte her, men no er det endeleg tid for ei stor oppdatering. På jobb har me nyleg fått eit kjempeflott nytt auditorium, med motoriserte tribunar! Når desse tribunane trekkjast inn, har ein plutseleg eit enormt ope rom, perfekt til høgtalarmålinger :love: Eg sette av gårsdagen til...
  6. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Dette er ikkje fyrste høgtalaren eg byggjar, berre nesten 😉 Angåande målforma, så har eg faktisk ikkje skrive nynorsk spesielt lenge. Viss du går kring 3 år tilbake kan du sjå at innlegga mine på den tida var bokmål. Eg tek meg fridomen til å forklara kvifor: i 2020 vart eg ferdig med fagbrevet...
  7. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Minioppdatering: EMX-7150 har kome og eg har tatt ei lita måleøkt på diskanten i eiga stue. Dette er med diskanten montert i bølgeleiaren. Legg merke til at data er av låg kvalitet, på grunn av kort gating (3,6ms/278hz frekvensoppløysing) og sjølv då er det nokre refleksjonar inkludert. Desse er...
  8. G

    Tips til hvordan få bedre lydkvalitet på soundboks 1?

    Eg vil gissa at mykje av problematikken med lydkvaliteten til soundboks kan verta godt hjelpt med litt god gamaldags EQ. Det er nok ikkje kjempekvalitet på høgtalarelementa som har vorte brukt heller, men viss du berre ynskjer ein portabel høgtalar som kan spela grueleg høgt og framleis læt...
  9. G

    KISS: Keep It Simple, Stupid

    Amir er nok i overkant bastant, og har jo fått tydeleg motbør for det i tråden. Fyrst og fremst er det slik at han lenar seg veldig mykje på Toole, samstundes ignorerer han mykje av det Toole har skrive om temaet. Deriblant at ting ikkje er svart-kvitt (hah!) og at det til ein viss grad er opp...
  10. G

    KISS: Keep It Simple, Stupid

    Om du har ein dip on-axis på grunn av diffraksjonseffekter som fyllast ut off-axis så vil det du beskriv kunne skje. Til dømes kan ein ha ein dip på 0.5dB til 1dB on-axis som ikkje finst 15 grader off-axis, slik at du får høgare lydtrykk 15 grader off-axis på ein gjeven frekvens. På grunn av...
  11. G

    Purifi, det mest interessante jeg har sett på lenge!?

    Og der kom ein full rapport på purifi sine heimesider: https://purifi-audio.com/blog/tech-notes-1/spk16-reference-design-12 Masse simulasjonssnacks å bite tennene i her.
  12. G

    Purifi, det mest interessante jeg har sett på lenge!?

    Lars Risbo har lagt ut ein liten teaser på DIYaudio av den nye diskanten deira. Han reklamerar med konstant spreiing på +-70 grader heilt til 20kHz, og dette for ein dome på 33mm med +-1mm lineært utslag. Han la ved ei måling av spreiinga til diskanten òg. Lenke til tråden på DIYaudio...
  13. G

    Målkurve som prokrustesseng?

    Ein essensiell del av reknestykket vert jo at "målkurver" i seg sjølv er eit dårleg prov på lydkvalitet (som så mange allereie har sagt i denne tråden). Ein målemikrofon gjer ikkje skilnad på direkte og reflektert lyd, for eksempel, noko eit menneske gjer. Viss du har ein høgtalar som er flat...
  14. G

    Målkurve som prokrustesseng?

    3dB-slope kan vel vera 3dB/decade, då får du 9dB 20-20kHz. Det er vel svaret om eg skal gissa.
  15. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Ja, du har heilt rett. Eg vurderte å skrive ein lenger avhandling om korleis domen sin oppførsel i røynda ikkje heilt vil matche simulasjonen, men frå tidlegare samanlikning av idealiserte domer og verkelege domer har eg funne eit ganske godt samsvar (mellom anna med den nemnde DA32TX). Det er...
  16. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Ein ting folk på andre forum har funne ut er at T34A funkar ganske godt i veldig små bølgeleiarar med låg dybde (@Fluid på DIYaudio har ein liten bølgeleiar til T34A han har vore villig til å dela). Det er òg ein kar som har fått gode resultat med noko lignande på DIY hifi forum...
  17. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Bølgeleiarar er eit interessant tema generelt, men kanskje særleg bølgeleiarar til domediskantar som skal funka til 20kHz. Eg las nyleg ein artikkel publisert i AES av Mark Dodd (GP acoustics (KEF/Celestion), tidlegare Tannoy) som omhandla bølgeleiarar for domediskantar, og den fekk meg i...
  18. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Ei lita oppdatering no som eg er inne i den delen av prosjektet der eg er mest på ustø grunn. Eg likar å tulla med at eg ikkje har 10 tommeltottar, men heller kanskje 5-6. Sidan eg bur i blokk er handsaming av kabinetta i utgangspunktet lite praktisk. Heldigvis har eg ein ganske stor veranda som...
  19. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Det finst knapt noko som er betre enn å vakna ein måndags morgon med feber og muskelsmertar når du endeleg trudde du var på vei til å verta frisk, rett og slett ein flott start på påsken. Eg nyttar høvet til nok eit innlegg mens paracetamolet gjer sitt, denne gong om mi eiga bassløysing. Det er...
  20. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Godt å høyra at det fell i smak! Kan vera vanskeleg å summa tankane sine og finna ut kva som er passe mengde informasjon å dela, men utifrå responsen på innlegga så langt ser det ut som eg har treft ein grei balanse.
Topp Bunn