Søkeresultater

  1. G

    10'' 2-vegs studiomonitor

    Perfeksjonisten i meg vakna for nokre veker sidan, så no har eg arbeidd ein del med bølgeleiaren til denne høgtalaren. Han er framleis rund, men ikkje aksesymmetrisk (smalare spreiing vertikalt enn horisontalt), radius 150mm. Horisontal spreiing er rett og slett imponerande, døm sjølv: Den...
  2. G

    Bygge Dolby Atmos takhøyttalere. Valg av elementer

    Eit forslag for å unngå lobing som ein får i ein konvensjonell høgtalar, samstundes som ein har breiare spreiing enn ein typisk full-range/coaxløysing kan vera å bruke ein av tectonic sine BMR og krysse denne til eit passande stort mellombasselement ved 700Hz eller deromkring. Desse har betre...
  3. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Eg brukar ein Bambu lab X1 Carbon, mest fordi eg gjekk lei av å tukla med 3D-printaren min etter annankvar print (eg har òg i mange år hatt ansvar for 3D-printarane me har på jobb, og det er irriterande nok om ikkje eg skal driva med det same på fritida). Om eg treng noko som er større enn det...
  4. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Deler gjerne når høgtalaren er ferdig og testa skikkeleg :) Eg håpar det vert snart. Eigenleg skulle dempematerialet eg hadde bestilt koma på tysdag, men PostNord er PostNord...
  5. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Veldig kult! Eg har sjølv vurdert sandfylling i veggar, men sluttresultatet vert at veggane totalt er like tjukke som i ein "vanleg" høgtalar. Eg lener difor mot tynne veggar, men mykje meir kompleks avstiving og geometriske formar som er stivare, men vanskelege å få til i treverk (sjå Genelec...
  6. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Slik høgtalarkabinettet er no er det ikkje plass til særleg mykje sand i botn. Eg kan sjølvsagt justera teikninga for å testa, men det veit eg ikkje om eg gidd. Haldninga mi til resonans er ganske pragmatisk. Anten er det ein resonans som er eit problem, eller så er det ikkje eit problem. Alle...
  7. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Eg lyg så det renn av meg. Mens eg funderte meir på dette delefilteret kom eg plutseleg på ein smart teknikk eg las om ein gong for nokre år sidan, nemleg å kopla ein høg kapasitans i serie med drivaren. Dette reduserer humpen, men aukar bassen rundt resonansfrekvensen, før det vert ei brattare...
  8. G

    Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

    Eg hadde eit par drivarar liggjande, og ein bølgeleiar eg designa til diskanten som eg ikkje har hatt moglegheit til å bruka i noko prosjekt enno. Eg laga ein enkel modell ait eit kabinett til 3D-printing og kjørte nokre simuleringer, resultata var lovande, så eg bestemte meg for å gjennomføra...
  9. G

    New kid in the block - Kartesian Acoustic

    Ein ting eg tykkjer er skikkeleg kult med XXX185_Vki, utanom lineariteten, er kor høg Sd er samanlikna med diameter på chassis (Ø185mm). Bom185_vKi har til dømes ~194cm^2 Sd, mens Scan-Speak sin illuminator 18WU (Ø184mm) berre har 154cm^2. Det betyr 2dB høgare lydtrykk for same utslag for...
  10. G

    10'' 2-vegs studiomonitor

    Eg skal ikkje seie at dette prosjektet nærmar seg no, men eg kjøpte inn PHL 3411 og eit sett RCF CD350 (til testing, vert nok ikkje brukt i denne høgtalaren). Eg har sjølvsagt leika mykje med forskjellige bølgeleiarar/horndesign sidan sist innlegg her, men fekk endeleg sett saman og målt eit av...
  11. G

    8x12_TOM's anlegg

    Her er det noko som ikkje heilt stemmer i mine augo. dBu er jo referert mot 0,775V, så 8Vrms på utgangen er over 20dBu 20log10(8/0,775) = 20,3dB For å svara på spørsmålet er 14dB mindre ca. det du får ved å gange med 0,2. Altså 8Vrms*0,2 = 1,6Vrms i ditt tilfelle. Redigert: Oi, her har eg...
  12. G

    DIY Basstårn til Adyton Imagic 2.0 T

    Er det lov å spørja kva slags dempemateriale du har brukt? Eg har sjølv lagt merke til at materiale som (sannsynlegvis) har høg strømningsmotstand gjev høgare vreng (spesielt 3. orden) på lyden som kjem frå hóla. Høgtalaren min har til dømes høgare vreng i kardioide (sjølv ved same utslag)...
  13. G

    Høyttalere Nytt finsk høyttalermerke: Taipuu Speakers.

    Desse er, om ikkje eg hugsar feil, designa av Kimmo Saunisto og har vore på marknaden ei stund. Kimmo er nok best kjent som skaparen av VituixCAD. Med den største modellen gisser eg høyrsla gjev opp lenge før høgtalaren. Fine målinger òg, definitivt noko som hadde vore moro å høyra ein gong.
  14. G

    Hvilken type horn foretrekker dere...

    Angåande runde koniske horn @Hornlyd, så er eg ikkje overtydd om at dei er ei spesielt god løysing. Dei har forferdelig interferens on-axis, sjølv om spreiinga sånn sett ikkje er katastrofal. Det er eit unødig kompromiss all den tid horn og bølgeleiarar med like god (eller betre) spreiing kan...
  15. G

    Hvilken type horn foretrekker dere...

    Denne synast eg er interessant. Min eigen erfaring er at det ofte er ein god idé å halda geometrien i starten av hornet (halsen, entry converter, kva enn du vil kalla det) lik både horisontalt og vertikalt, elles ender ein opp med stundom snåle effekter. Det finst ikkje veldig mykje litteratur...
  16. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Om nokre minutt kjem det to nye videoar opp. Desse er ca. 10 minutt kvar. Den eine viser korleis ein kan simulera ein bølgeleiar/horn i eit kabinett, mens den andre viser korleis ein kan simulera ein bølgeleiar/horn i ein uendeleg baffel. Youtube brukar litt tid på å behandla videoane, så...
  17. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Video nummer 3, simulasjon av ei bassreflekskasse lumped element + boundary element: Denne er meir komplisert og introduserar ein viktig del av AKABAK - subdomain modelling. Eg vil rå folk til å sjå dei andre to videoane fyrst. Eg trur dette var det eg hadde energi i meg til å gidda i dag, men...
  18. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Video nummer 2, bruk av circular symmetry mode til å raskt simulera ein frittståande aksesymmetrisk bølgeleiar:
  19. G

    3-vegs høgtalar med dobbel waveguide og kardioidebass

    Sidan eg hadde ein ubekrefta youtubekonto var det ikkje mogleg for meg å leggja ein link til .dxf-fila under videoen, den er lagt inn no. For dei som ikkje gidd finna han der: https://drive.google.com/file/d/1C449k_tqiqOzgxG92r8_K88imNmg4r89/view?usp=drive_link
Topp Bunn