Eg skal no byta røra i ein Cayin 788 effektforsterkar. Då reknar eg, arme sjel, med at bias lyt justerast. Nokon som kan forklara meg korleis eg gjer dette ????
Dette er vel neppe positivt går eg ut frå :-/. Røyret skal vel ha ein ca 120 timar drift no, litt tidleg å taka kveld då tykkjer eg. Det er vel ikkje noko anna å gjera enn å byta det , men bør eg byta båe røra til kanalen då?
Då det ikkje ser ut til å verta kvitt Holfien min til ein leveleg pris så lurer eg på om det er vanskeleg å omgå forforsterkardelen? Berre lodda eine inngangen til effektdelen kanskje?
Har høyrt på reklamen i dag og det er samlivsbrot,utruskap og mishandling. So presterer dei å seia at "Se og Hør gjør livet gladere" :o. Om dette gjer deg glad er du vel neppe heilt frisk i hovudet?