Søkeresultater

  1. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Interessant kva som hadde skjedd dersom vi hadde hatt ein mindre sentralisert statsform (td ulike statsfunksjonar delte mellom landsdelane på ordentleg og/eller større autonomi mellom landsdelane). Mitt stalltips er at det ikkje ville gjeve meir makt/tyngd til utkantane, men til dei regionale...
  2. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Norge hva nå ? Forsvar. Beredskap. Sikkerhet.

    Den lenkja @Valentino posta for ei veke sida gav jo indikasjonar på at det ligg ein del slik tenking implisitt? https://www.rusi.org/explore-our-research/publications/commentary/norways-purchase-type-26-frigates
  3. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Russland - En tikkende bombe eller bare fjas?

    Polen og Finland kunne vel tenkja seg å invadera Russland eigenhendig. Men, tja. Eg trur det er eit punkt der også Fr/UK vil sjå at dei ikkje kan oversjå eit angrep på eit NATO-land, men må svara på ein eller annan måte.
  4. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Russland - En tikkende bombe eller bare fjas?

    Ja, det høyrest ut som den forklaringa eg har sett. For meg høyrest det heilt vanvittig ut. Dersom NATO står han av, så vil den strategien tvinga fram stadig meir vågale provokasjonar heilt fram til eit faktisk militært angrep, og då er det på sett og vis for seint for Russland.
  5. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Russland - En tikkende bombe eller bare fjas?

    Eg forstår ikkje heilt kva Russland prøver på når dei openbert har byrja å senda dronar og jagerfly over Baltikum og Sentral-Europa. Eg har sett to forklaringar. - Utanrikspolitisk: Ved å dytta litt militært i NATO, vil dei tvinga NATO til å fokusera meir militært på forsvar, og dimed (her er...
  6. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Ja, eg hugsar å ha sett at det gjekk ned; om det var 10% veit eg ikkje, men iallfall så pass mykje at det overraska. Men: Dei tala eg har sett (trur det var NVE som la ut), var for ganske lange tidsrom (kvartal, trur eg, kanskje månad, men ikkje kortare). Min hunch er at ein del av dette ikkje...
  7. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Eg må vedgå at eg ikkje heilt forstår logikken: Korleis kan Noregspris vera både ubetydeleg på årsbasis for privatkundane og ein massiv bremsekloss på straumsparande tiltak? Min påstand er at, kanskje med unnatak av elbil-lading, så ligg ikkje den store kapasiteten for straumsparing i...
  8. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Eg er langt på veg einig. For eigen del utgjer det drøye kuttet i barnehageprisane (og vi har berre eitt barnehagebarn att) vesentleg meir. Eg trur vinteren 2021/22, altså før staten gjekk inn med første støtteordninga, sit metalt att. Folk observerte at timeprisen varierte heilt utanfor det...
  9. Tweedjakke

    Alt til hus og bolig Strømprisene?

    Godt poeng. Eg trur nok det er fordi han spelte litt den rolla olja spelte etterpå. Ikkje økonomisk, men visuelt: Store krefter, farleg, menn som går rundt i skitne kjeledressar og gjer operasjonar som krev fysisk styrke. Dessutan, det var eit nasjonalt aspekt ved den kraftkrevjande...
  10. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Eg er positivt innstilt, sjølv om eg ikkje trur det eigentleg hjelper mot så mykje. Helst grå.
  11. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    :) Nei, det eg meiner er at om vi ser bort frå dei to mest dramatiske og globale eksterne sjokka (finanskrisa og corona), så er det desse fire åra der NB heilt tydeleg har forventningar om at dei økonomiske måltala vil oppføra seg heilt annleis enn dei faktisk gjer. Der er som om dei ventar på...
  12. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    For meg ser det ut som om åra 2011-15 er dei mest interessante, der NB heile tida langsiktig såg føre seg ei renteauke, men år etter år skrudde ned renta. Frå 2016 ser renta eigentleg ut til å følgja banene ganske greitt, bortsett frå corona-nedsetjinga.
  13. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn President Donald J. Trump - Quo vadis? (Del 2)

    Slavoj Žižek hadde ein påstand om at regimet i gamle Jugoslavia med vilje fabrikerte vitsar om seg sjølv. Eg meiner resonnementet var noko i retning av at karnevalet ikkje kler av makta ved å setja alt på hovudet, men tvert om er ein fundamental mekanisme makta bruker for å oppretthalda seg...
  14. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Den saka husgar eg frå barndomen; sannsynlegvis frå i rett i etterkant av saka. Gjorde sterkt inntrykk, men var heilt uforståeleg. Etter kvart er eg ikkje så forbausa over at kombinasjonen av manipulative avhøyrsmetodar (drivne ut frå ein presumpsjon om at mistenkte er skuldig, og no gjeldst...
  15. Tweedjakke

    Audiofili: Deutsche Grammophon The Original Source

    ^ Min kom også, men ventar i krympeplasten til eg kan setja meg ned for å høyra. Diverre musikk det er vanskeleg å høyra på medan ein lagar middag eller støvsugar.
  16. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn President Donald J. Trump - Quo vadis? (Del 2)

    Ja, dei som sa at dette drapet var Trumps riksdagsbrann ser ut til å ha fått skremmande rett. Det er også ein innebygd marsjordre i statskupp og/el revolusjonar: Dei når ganske snøgt eit punkt der prosessen ikkje kan stogga, det er for mange som har for mykje investert. Jf. td. den franske...
  17. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn President Donald J. Trump - Quo vadis? (Del 2)

    Kva er eigentleg status på etterforskinga av Kirk-drapet? Eine ungen, som er 16 år og stadig må verta minna på kva ting heiter på norsk, kunne fortelja at samtlege av slagorda på kulene var «Groyper dog whistles» (ho er, ikkje overraskande, slett ikkje der) sjølv dei som eg i mitt einfald...
  18. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Altså, eit statsoverhovud som utgår frå stortingsfleirtalet, slik statsministeren gjer i dag? Hm. Med kongefunksjonane fordelte mellom statsminister og stortingspresident? Ein del pomp, prakt og representasjon kan sikkert utgå utan problem. Eg har tenkt at ei av dei viktige embeta til kongen...
  19. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Ser du føre deg direktevald statsminister? Korleis skil det seg eigentleg frå eit fransk/amerikansk republikansk system (altså, eit ikkje-parlamentarisk demokrati)? Eller vil du behalda parlamentarismen, slik at utøvande utgår frå lovgjevande som i dag?
  20. Tweedjakke

    Politikk, religion og samfunn Hva har gått galt i Norge?

    Rettssaker er glimrande utgangspunkt for drama. Det har eg meint sidan eg som barn måtte ha med meg kvar episode av «Lov og rett i LA», og slukte dei Perry Mason-bøkene eg kom over. Og, meir etisk å bruka ei fiktiv sak enn det ville vore å bruka ei «true crime»-sak. Det kan jo anspora til...
Topp Bunn