Det er litt vanskelig å finne data på gamle Vifa element, og c20 kom i ulike varianter med ulik magnetstørrelse, og dette påvirker optimalt volum og type kasse som passer. Om dette er ein variant med liten magnet, så passer den sannsynligvis ikkje i ein bassreflekskasse på 40 liter, då er det lukka kasse som gjelder.
Men med 40 liter kasse så kan du uansett prøva deg fram med ulike tuningfrekvenser. Eg ville starta på rundt 35Hz og så jobba meg oppover i frekvens (kortare røyr) til du synest det låter riktig. Men filter for resten av høgtalaren bør vera omtrent ferdig for ellers vil det låta tynt uansett og så ender du opp med alt for høg tuningfrekvens.
40l netto og 35 Hz og eit røyr med 6,7cm indre diameter => lengde ca 14,7cm, 40Hz => L ca 10cm, 45Hz => L ca 7cm, 50Hz => L ca 4,7cm
Noe høgare enn 50Hz trur eg blir heilt feil.