Dette er meir i tråden «forviklingar på Løvebakken» enn eit spesifikt raudt eller blått problem.
Finansministeren må snarest komme til Stortinget og forklare hvorfor han mener flere vedtak om avgiftskutt på CO₂ er ulovlig, krever Høyre.
www.nrk.no
men
Førre episode: Ein Sp-høgrekoalisjon røystar altså for å fjerna både vegbruksavgift og CO
2-avgift på fossil-drivstoff, bokstaveleg tala i hui og hast før alle skulle køyra fossilbil på påskeferie. Lydige Stoltenberg innfører, med eit skeivt smil om munnen, første del, men må arbeida litt meir med med CO
2-avgifta. Effekten vart tydeleg, men litt snau for diesel.
No: Rett før CO
2-avgifta skal ned, melder Stoltenberg at det er svært sannsynleg at det er ulovleg etter EØS-avtalen. Eg trur den mannen kosar seg på jobb om dagen.
Anten tek den grøn-gråblå koalisjonen eit moderat prestisjetap: «Ok, vi meinte ikkje at du skulle bryta lova, så det får vera med den CO
2-avgifta, då. 'Loven er fra oven', som Bjørneboe sa.».
Eller så stiller dei mistillit, men då bør dei ha mage til å stå for det, også. «Ver-så-god, Listhaug-Eriksen, velkomen som regjering på Vedums nåde. Skal de ha med V og KrF for å gjera festen perfekt?» Det skal ikkje forbausa meg om Ap vurderer det i retning av at det einaste som kan stogga ei blå-blå majoritetsregjering om tre år, er dersom Listhaug faktisk må styra på slike premiss. Nett no er venstresida «in shambles» på meiningsmålingane, og H/Frp ligg faktisk og vakar på 85 mandat åleine (PoP).
I så fall er dette, å nekta å gjennomføra eit lovstridig impulsvedtak, ei perfekt sak for Ap å gå på. Dersom dieselkameratane må ta makta på dette, gjennomføra kutta
og skal stå i ein langvarig rettsprosess med ESA-domstolen og påfølgjande tilbakebetaling frå alle kommersielle dieselforbrukarar - lukke til.
Asheim/Høgre har sannsynlegvis rett
Henrik Asheim skrev:
– Jeg syns det er litt spesielt hvis finansministeren har holdt på med dette i flere uker, og ikke gir ett signal til Stortinget om at det kanskje er andre grep vi heller må gjøre for å bedre folks økonomi.
Stoltenberg har visst heile tida at dette utfordrar EØS-avtalen, og når han ventar i det lengste med å informera Stortinget, er det openbert for å provosera fram ein reaksjon.