Ikkje før eg er heimkomen frå Japan er det av garde att dagen etter, denne gongen med tog frå Voss til Oslo HIFI Show, som i år vart skipa til for 4. gongen. Det vart tett og travelt dette, men må du so må du. Og neste helg er det Vossa Jazz! Vonaleg vert det og messe i Horten til hausten, og er været fint er det ei fantastisk oppleving. I Oslo er det berre grått på bakkane på denne årstida, og ein gjennomtrengande kald vind. God HiFi er ein innesport.
Messa vart halden på Thon Hotell Oslofjord i Sandvika ved E 18. Det vart stilt ut på rom i tre høgder, dvs. vestibylen, 2. og 3. høgda, so det var ganske oversikteleg. Me budde i 4. høgda, so det var berre å gå ned eit trapp og setja i gong.
Store høgtalarar
Det var mykje god lyd og musikk på dei aller fleste romma, men eg konsentrerte meg om utstillarane med dei store høgtalarane. Har du fyrst vent deg til den store, spenstige og dramatiske lyden frå store basselement, er det ingen veg attende. Småtassane klarer ikkje å stilla opp med eit truverdig lydbilete på dette nivået, særskilt ikkje i bassen. Det vert berre tynt og tamt, so desse romma stakk eg berre hovudet raskt innom for å stadfesta fordommane mine, og hasta vidare. Pluss at dei store normalt er langt meir effektive enn små, og gjer livet lettare både for deg og forsterkaren. Du kan spela høgare for same effekt. Det er ein myte at store høgtalarar er vanskelege å driva. Det er omvendt. Dei store flyttar større mengder luft enn små, og det er dessutan ei kjend sak at effektive høgtalarar vert føretrekt framføre mindre effektive, alt anna likt. Har du ein effektsvak forsterkar, er dette løysinga.
Les heile Stig Arne sin messerapport frå Oslo HiFi SHow 2026 i Audiophile.no

