Eg skal til Japan og vitja Stig Inge, men er ikkje komen lenger enn Helsinki før eg kjenner trongen til å notera litt. Har alt opplevd mykje. Sov som ein gris på flyet frå Flesland og er strålande opplagt.
FINLAND
Flyet var ikkje mykje å skryta av, eit sånt lite leikefly med propellmotorar, men jaggu sparka da godt i frå på rullebanen. På denne korte flyturen med Finn Air på to og ein halv time var det naturleg nok ikkje rare serveringa, men me fekk servert ein finsk spesialitet, tydelegvis: Blåbærjus, “Nordic Heritage”. Langvegsfarande og andre som ikkje skjønte betre, valde vatn. Smakte fortreffeleg, sidan flyet letta før fuglane og eg ikkje hadde hatt stort mellom leppene sidan kvelden i førevegen. Frå flyet fekk me fugleperspektiv på Finland: Flatt og kaldt. Og med fleire innsjøar enn eg rakk å telja.
I gamle dagar var Jolanissen norsk og budde på Nordpolen, men her på flyplassen Helsinki Vantaa driv han eigen butikk året rundt. Eg trur han bur på bakrommet i den travlaste perioden. Slik har finnane med kløktig marknadsføring knabba Jolanissen frå oss. Frå Kaffet Helsinki er det moro å sitja og sjå på alt som går forbi og sørvisdamene, som eg sjølvsagt måtte plaga, ei frå Thailand og ei som var heimafrå kunne fortelja at finnane drakk øl og Vodka, kan henda mest øl. Ikkje heilt russiske altso. Kan hende drikk dei anna og når ingen ser på. Dei kunne fortelja at dei har lite og ingen kontakt med den russiske sida av grensa, slik verda ser ut no. Det er dessutan ikkje sprekt med engelsk-kunnskapane korkje i Finland eller Japan.
På vegen heim fekk me diplom med stadfesting på at me hadde floge over Nordpolen. Dette er noko Finn Air tydelegvis er byrge av og nyttar aktivt i marknadsføringa si. Turen tek då to timar lenger på distansen Helsinki-Tokyo, sidan ingen får lov av den russiske massemordaren å fyka over Russland.
JAPAN
Ein tidlegare- og svært ferdavand- kollega har fortalt at han meinte kinesarane var smarte, men japanarane berre rare. Dei har budd på ei øy litt for lengje...
Les heile Ferdabrevet i Audiophile.no

