Helt enig at en arveavgift har en mye bedre omfordelene effekt enn formuesskatt.
Det er heilt openbert at arveavgift løyser ein del problem med formueskatt for type "formuande middelklasse"; dei som har greitt med eigedom og/el sparepengar, men ikkje nødvendigvis så høg inntekt/pensjon at skatten er triviell.
Eg er heilt sikker på at det kjem til å vera like mange
- lure triks for å unndra seg arveavgift, som det er for formueskatten
- triste historier, denne gongen frå dei som arvar barndomsheimen, subsidiært bestemors hus med
så mange gode minne frå familieselskap (malt ut som om det var eit Carl Larsson-bilete: det er klart desse forsvinn dersom arvingen ikkje får huset vederlagsfritt)
- historier om neste generasjon som arvar familieverksemda (aksjeselskap), men, fordi dei ikkje har råd til å betala arveavgift på verdien av dei unoterte aksjane, må selja ut til Ho Feng Import, Export & Investment Banking, Shanghai.
Men, for å halda fram på
mine pro-et-contra når det gjeld dagens ordning, særleg for pensjonistane.
1. Eg trur det er mange som ikkje tenkte, eller såg føre seg, den hysteriske verdiauken på bustader då dei bygde eller kjøpte på 1970/1980-talet. Den gongen var det nok ei investering, men først og fremst for å ha ein stad å bu, ikkje for å verta rike på den investeringa. Altså har dei hamna i ein posisjon det ikkje har vore lett å balansera formuen for å vera likvid nok.
Dette er i tråd med ptb;
All annen verdi/formue man har ervervet er gjort gjennom økonomisk handlefrihet - om det er penger på konto, plassering i aksjer, hytte, sekundærbolig, andre skattbare verdigjenstander.
Det er klart om dersom eg hadde hatt 30 mill i banken
i dag (det har eg ikkje), så ville det vore temmeleg nedsnødd om eg brukte kvar krone på å kjøpa leiligheit, cash, og så over nyttår sutra over at eg ikkje hadde råd til å betala formueskatten.
2. Einig med
@weld77 i at avdragsfrie lån burde vera uproblematisk i desse situasjonane. Når det ikkje er det, så trur eg det er litt omtanke for arvingane, og litt at etterkrigsgenerasjonen ser på lån som langt meir problematisk enn seinare generasjonar gjer. Det kan vi irritera oss over, men samtidig er ikkje den haldninga heilt bak mål, heller.
3.
Kunne ei meir palatabel løysing, særleg dersom den generøse rabatten fell bort, vera at for primærbustad kunne skatteetaten ta pant for skatten i bustaden, eit pant som påløp renter år for år, men der korkje pantet eller rentene måtte løysast inn før bustaden skifta eigar?
Det ville gjera formuesskatten om til ei slags arveavgift. Det er mange arvingar som ville vore sure, då, og klagene over ville vera som skissert øvst i innlegget. Kanskje løysinga kunne brukast til andre ikkje-likvide skatteobjekt, også?
4. Dersom vi tenkjer litt bustadsmarknad og abstraherer litt opp i dette, er det litt problematisk dersom mange bur i ein bustad som dei eigentleg ikkje har betalingsvilje til å bu i, og systemet legg til rette for det. Altså, -vilje betyr her like mykje -evne, men la oss bruka økonom-ord.