Eg har aldri før prøvd ut digitalkablar. Har ikkje hatt trong for det. Men no har eg brått digital koaksialkabel mellom CD-transport og DAC, og digital nettverkskabel (LAN) mellom ruteren og same DAC-en. Det har fått konsekvensar.
Då er me komne til del 2 i serien “Du kan nesten ikkje tru det er sant”, denne gongen om koaksialkablar. Eigentleg har eg aldri starta ein slik serie, sidan førre artikkelen berre heitte “Bananpluggar". Men når eg no endå eingong har gjort oppdagingar som verkeleg forvirra meg, introduserer me lika godt del to, og like smalt! Utruleg nok er det mange som alt har lese om bananpluggane. Og det er gledeleg, for det er verd å merka seg kor viktig det er å gjera ting so enkelt som mogeleg, elles kan du berre vinka farvel til god lyd.
DU KAN NESTEN IKKJE TRU DET ER SANT (Del II)
Det heile byrja då ein kompis ville ha CD-spelar, og eg kopla opp eit par eg hadde liggjande å slenga for å sjekka om dei virka. For ofte vil ikkje CD-skuffa ut, anten grunna reimer som har morkna, akkurat som på kassettspelarar, eller tannhjul som har sprukke grunna alder og osteoporose. Nett som oss.
Det var då eg oppdaga at eg tykte bassen var betre enn vanleg. Mystisk. Eg gjekk attende til strøyming att (frå Apple Music), med same låtane sjølvsagt, og følte at CD var overlegen. Kva i all verda. Eg trudde eg hadde god lyd frå strøyming, det hadde eg altso ikkje. Ikkje når ein gamal og rimeleg Yamaha CD-spelar (CDX 480) spelar betre! Som vanleg: Du er overtydd om at du har god lyd, heilt til du brått får betre. Då er den gode lyden plutseleg dårleg i samanlikning. Slik er det. Det beste er det nestbestes verste fiende.
Les heile oktoberdagboka i Audiophile.no



