Coral Flat 10 fulltone prosjekt?

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Eg har fått tak i noen Coral Flat 10II element, som eg tenkte at eg skulle teste/lage ein fulltonekonstruksjon av.
    I min ungdom hadde eg to av desse i 120 liters kasse, og det spillte høgt. Men eg savna bass, og på den tida (1985-86) kunne eg lite om filter, baffelstep osv.
    To av elementa eg har fått tak i hadde ødelagt senterdome (av aluminium), så den måtte vekk. Det eine elementet hadde skeiv ramme også slik at spolen skrapa mot polstykket.
    Og verre blei det då eg fjerna senterdomen, får då blei spolen "oval" og skrapa mot polstykke på begge elementa (papirspole).
    Så det måtte fiksing til, papirstrimler mellom polstykke og spole for å retta opp spolen, så blei det limt med epoksy innerst mot spolen på utsida. Det fiksa problemet, men kor mykje hadde det påvirka frekvensgangen? Fekk så tak i noen faseplugger i aluminimum på nett og limte på polstykket, bygde 75 liter kasse og testa.

    2025-01-30-0276.jpg
    2025-02-04-0278.jpg
    2025-03-22-0280.jpg
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Så til målt frekvensgang på "modda" element.
    Litt rart hopp frå litt over 100 Hz, men det er refleksjon frå golv som lager utfasing litt over 100Hz.
    Ellers så er eg overraska over kor jevn frekvensgangen er i området 1-8kHz, her har fulltoneelement ofte store variasjoner.
    Ut i frå frekvensgangen så kan det se ut som kassen er for stor og med for låg portfrekvens. Opprinnelig konstruksjon frå Coral hadde kassestørrelse på 55 liter.
    Men eg har med vilje lagd kassen større fordi eg vil prøve å få litt djupare bass på bekostning av effektivitet.

    Coral Flat10 m-faseplugg 75l kasse.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Har prøvd første versjon av simulert filter som vist under, og det blei overraskande flat frekvensgang, men det er litt for lite tilt mot høgare frekvens etter min smak. Så eg fortsetter simulering og testing. Har ikkje lagt inn dempning av diskanttoppen ennå.

    1762203825948.png


    Coral_Flat10_v1a.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Eit par iterasjoner til og filter og frekvensgang ser ut som under. Ikkje store endringar, men det går i riktig retning. Bassnivå er nå på høgde med mellomtonenivå.
    Men lyttemessig så merker eg at det er for mye nivå i området 700-3000 Hz, samt at toppen rundt 12KHz er veldig merkbar på noen sanger.

    1762610257817.png


    Coral_Flat10_v1d.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Nytt filter og målinger. Denne gangen testa eg også i stua og sammenligna med nåverande høgtalarar. Lyden begynner å bli veldig bra, men fortsatt veldig "rett i fjeset" i mellomtonen. Lyden er veldig detaljert. Spilte noen sanger eg veit er krevande i mellomtonen (skrikande), men det blei ikkje verre med nåverande filter, faktisk heller mindre skrikande enn nåverande høgtalarar til tross for meir mellomtone. Frekvensgangen skal nok tiltast ned 1-2 dB til, frå 3-400Hz til 2kHz, og så helst flatt frå 2kHz og oppover.

    1762707674912.png


    Coral_Flat10_v1e.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    141
    Antall liker
    147
    Sted
    Arendal
    Nytt filter med litt meir dempning frå 400-500Hz. Ut i frå måling utanfor akse så er eg ikkje sikker på om eg vil dempa 12kHz toppen.
    Og eg tenker at det hadde kanskje vore bra med ein diskant med god spredning over 5kHz, men då mister eg "punktkilda".
    Eg skal i første omgang testa ut bakoverretta diskant for å fylla inn effektresponsen.
    Men først blir det litt testlytting.

    På akse måling:
    Coral_Flat10_v1e2.JPG


    15 grader akse måling:
    Coral_Flat10_v1e2_15grader.JPG


    Resultat av testlyttinga:
    -12kHz toppen plager meg ikkje
    -veldig bra detaljering i mellomtone
    -fortsatt litt høgt nivå rundt 1-3kHz
    Så eg skal prøva å endra filteret for litt mindre nivå i 1-3kHz området.
     
    Sist redigert:
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn