På generelt grunnlag så skjer det vel heller lite, om noe i det hele, med destillater etter at de er tappet på flaske. Holdbarheten er for alle praktiske formål uendelig så lenge flasken ikke åpnes og selv etter det skal det nok en god del til for noe å klare å overleve nedi der.
Det var det eg antok, også.
Eg ser likevel ikkje bort frå at det kan ha personleg-emosjonell verdi, utover det som har med smak å gjera, å opna (og drikka) ei flaske gamalt brennevin som ein har hatt lagra i tretti år, eller, kanskje enno betre, ei (uopna) flaske som har gått i arv i generasjonar.
Det er noko med at det etablerer kontakt med eldre tider og gjev oss ei kjensle av kontinuitet i tid og rom. Ikkje får å dra det heilt ut i det andelege, altså, men akkurat kjensla av å, om enn flyktig, kunne koma i kontakt med fortida er viktig for mange. I mangel av konkrete erfaringar tippar eg at litt av panegyrikken over NOS-røyr handlar om dette.
Noko av den potensielle verdien er det sannsynlegvis ikkje mogleg å byta mot pengar (som også er ein verdi, for all del). Dersom
@Spiralis auksjonerer bort det gamle brennevinet, får ikkje oldebarna hans sjansen til å drikka ei flaske brennevin som oldefar kjøpte på ei av dei mange utanlandsreisene sine. Ein annan får kanskje gleda av å drikka ei flaske som har stått på eit loft i Finnmark i tredve år, men det er ikkje heilt det same.