^ Eg er ikkje veldig overraska.
Teoretisk vil sjølvsagt prisen trekkja mot eit lågare punkt på sikt når 2-3 kroner i avgifter er fjerna, men vi veit frå før at stasjonane driv taktisk, lokal prising. Iallfall i eit spenn på 5-6 kroner rundt snittpris. Så «på sikt» kan vera ei god stund.
Det ligg inne forventningar (både hjå forbrukar og stasjon) om at prisen kjem til å stiga frametter. Det er eit tildriv for stasjonane til å skru opp prisen.
Vi står dessutan føre påsketrafikken, og dei prismedvitne forbrukarane har sjølvsagt venta i det lengste med å fylla tanken: prisane skulle jo gå ned.
Eg ventar spent på neste episode.
Listhaug, Vedum og Eriksen (og, for den del, KrF og Raudt) meinte i førre veke at dieselpris på meir enn 25 kroner (elns) kravde resolutt styring på momangen. Så då spørst det kva dei vil gjera no.
Dei kan sjølvsagt å erklæra krise og innføra nasjonal priskontroll, rasjonering (td datokøyring som under oljekrisa) og subsidiar. Eg trur det finst unnataksordningar i lovverket for å gjera det. Då trur eg dei må ta regjeringsmakta. Det vert ein underleg konstellasjon.
I internasjonal målestokk har utslaget av krisa så langt vore ganske lite her til lands.
Prisregulering er myndighetenes fastsettelse av priser for ulike varer og tjenester. Det kan være maksimalpriser, minimumspriser, avanseregulering, beregningsmetoder med mer. Regjeringen er i lov om pristiltak av 11. juni 1993 (pristiltaksloven) gitt vide fullmakter til å treffe vedtak om...
snl.no
no.wikipedia.org