Har ikkje lese den boka
@TrompeteN refererte over, men har lese Jensens
På innsiden og følgt rettsakene i pressa (i tillegg til å lesa ein del kommentarar, mellom anna frå
Stein Lillevolden 
)
Mine inntrykk var:
1. Jensen verka som han var ein politimann som var frykteleg tøff i trynet og skulle skremma dei som dreiv med narkokrim ved å vera enno tøffare enn dei og benytta dei maktmidla han disponerte selektivt for å «ta dei slemme». Altså, ein lite sympatisk type.
2. Jensen verka som han privat hadde ein rotete og halv-svart økonomi, perfekt for å skjula meir eller mindre lyssky greier.
3. Ut frå slik både Jensen sjølv (boka) og anti-politiaktivisten Lillevolden skildra arbeidsmetodane til EJ, verka påstanden frå aktoratet om at EJ tipsa Cappelen truverdige. Særleg verka meldingane på «blomsterspråk» suspekte.
4. Eg hugsar på at eg reagerte på at i det som kom fram i dei opne delane av rettssakene, så verka det ikkje som om aktoratet greidde å bevisa at transaksjonane frå Cappelen til EJ var av eit slikt omfang at det gjorde det sannsynleg at han strategisk deltok i Cappelens importbusiness.
Altså: Eg sat med kjensla av at det var plenty indisia, men at det ikkje var bevist bortanfor all rimeleg tvil. Eg vart difor litt overraska då domarane overprøva juryen, som, etter det eg kunne sjå, reagerte på at aktoratet ikkje hadde ordentleg krystallklare bevis.
Håper at alle andre som ikke er friske nok til å sitte i fengsel får gjøre det samme. Det er nok en del av dem der inne.
Ja, det er eit interessant dilemma. Eg tviler ikkje på at lange fengselsstraffar er ekstremt psykisk skadelege for mange innsette, sjølv her i landet.
Samtidig kan eg ikkje dy meg heilt frå å tenkja at medan domen (andre gong) i lagsmannsretten vart avsagt delvis fordi fordi domarane overprøva juryen første gongen (at det var eit moment som påverka domarane i andre runde), så er logikken denne gongen snudd på hovudet: At han får ei dramatisk lette i soningsvilkåra fordi det kanskje kunne reisast tvil om domen.