Vossajazz 2023 – Laurdag. Ein veg - ei reise med Bergensbanen

Vossajazz-2023-02 (1 of 1).jpg


Togreisa mellom Bergen og Oslo er so spesiell at turistar frå heile verda kjem for å sjå ho, og ho har alt vore skildra i eit tidlegare tingingsverk (Frode Alnæs, 1997).

Denne gongen er reisa skildra ikkje berre med musikk, men og med lyrikk, i form av eit pionerarbeid av forfattaren Dag Helleve (Voss). Han tek oss med frå stasjon til stasjon mellom Voss og Oslo, og fortel med stor kunnskap som det har kravt mykje arbeid å leita fram, og med lun humor om korleis rallarane bygde banen i perioden 1885 til 1905, då han opna; trass tvil og latterleggjering frå Oslo. Banen er litt av ein ingeniørkunst, levande fortalt og forklart. “Korleis fekk dei dette til for over 100 år sidan?”, var omkvedet.

Mellom stasjonane kom små høvelege snuttar av musikk, komponert av Marius Klovning (diverse gitarar). Dei andre medverkande er Jakob Eri Myhre på trompet, Bjørnar Kaldefoss Tveite kontrabass, og Mats Mæland Jensen på trommer. Prosjektet, godt illustrert med historiske bilete frå Norsk Jernbanemuseum på storskjerm, vart framført som fyrste konsert nokon sinne i den gamle Kapellankåken i Gullfjordungsvegen, som har stått tom lenge. Denne er no renovert i regi av Trude Storheim, Linda Eide og Jan Stedje, til kulturføremål; rett over vegen for den mykje sakna Fraktgodsen, som måtte gje plass til parkering for pendlarane Voss - Bergen. Konserten vart avslutta med ein nydeleg låt - i full lengd og med auka volum - som ikkje står attende for noko anna eg høyrde i helga. Kva med å gje denne ut som vinylsingel? Ganske sært, og svært eksklusivt....

Les heile rapporten fra Vossajazz 2023 - Laurdag i Audiophile.no

Vossajazz-2023-02 (4 of 7).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.389
Link til alle artikler
518
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025

BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025

  • 0
Det har vore nok Tandberg for ei stund no. Over til noko heilt anna: Ein magisk boks til å forbetra lyden frå stereoanlegget, og ein forsterkar/radio eg aldri har sett før. BBE SOUND ENHANCER Eg...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: OnePlus Nord 5 og CE5. Duell på hjemmebane med utklassing

TEST: OnePlus Nord 5 og CE5. Duell på hjemmebane med utklassing

  • 0
OnePlus lanserte to nye mellomklassemodeller i begynnelsen av juli. Vi har hatt Nord 5 og Nord CE5 på en grundig test. Sammen med de to mobiltelefonene i hhv moderat og øvre mellomklasse, var det...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Nils Petter Molvær - KHMER Live in Bergen. Eller, er det egentlig det?

PLATESMAKING: Nils Petter Molvær - KHMER Live in Bergen. Eller, er det egentlig det?

  • 1
Rundt århundreskiftet var det mye som skjedde med Norsk Jazz, og Nils Petter Molvær var en av de sentrale figurene på den tiden. Han debuterte som soloartist med sin ikoniske plate Khmer fra 1997...
Fortsett
Audiophile.no
Technics SL-40CBT og SL-50C – Budsjettvennlig inngang til Technics-universet

Technics SL-40CBT og SL-50C – Budsjettvennlig inngang til Technics-universet

  • 1
IFA 2025 ble arenaen for lanseringen av to nye modeller fra Technics, og denne gangen er det budsjettsegmentet som får oppmerksomhet. SL-40CBT og SL-50C er ikke bare rimeligere alternativer – de...
Fortsett
Audiophile.no
HiFi Messen i Horten 2025 er i anmarsj

HiFi Messen i Horten 2025 er i anmarsj

  • 4
Den tradisjonsrike Hortenmessa er to uker unna, og alle hjerter gleder seg. For selv om Oslo HiFi Show har blitt en stor og flott messe på vårparten, er det noe eget med HiFI Messen i Horten, med...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: Jean-Michel Jarre – Fra Oxygène til Bratislava. En elektronisk reise gjennom tid

PLATESMAKING: Jean-Michel Jarre – Fra Oxygène til Bratislava. En elektronisk reise gjennom tid

  • 17
Den franske synth-pioneren Jean-Michel Jarre har kommet med et spektakulært livealbum som forener teknologi og synthmagi med innslag av klassisk inspirert musikk i moderne drakt. Live in...
Fortsett
Topp Bunn