Vinylfunn på Ferie...

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.136
Antall liker
8.664
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Kom attende frå ferien på laurdag, etter biltur frå Portugal, med mange stopp undervegs.
Såleis var Tyskland veldig interessant. Eg rota meg inn i ei bruktsjappe full av møblar og vond lukt, og fann desse spennande greiene:

- Ei living stereo (LSP) med Porgy and Bess framført av Lena Horne og Harry Belafonte.
- Eldfuglen med Ansermet som dirigent på ei eldegammal Decca SXL 2017
- Utdrag av Don Juan og Romeo/Julie med Karajan på tilsvarande.
- Ei Decca J 431 (stereo, ja. Har ikkje andre J-utgåver. Er det snakk om ein billegserie? Men vinylen er av tysk, god kvalitet) med Mozart der Krips dirigerer. utdrag frå Don Giovanni, og Kleiber tek seg av Figaro.

Lenger sørpå fann eg både Little Feat-plata eg mangla, Dread Zeppelin og nokre obskure greier med Tom Waits m.fl. (filmmusikk)

Så no veit de kva eg brukar morgonstundene til...
 

awe

Hi-Fi freak
Ble medlem
07.11.2005
Innlegg
2.061
Antall liker
1.843
Sted
Kragerø
Torget vurderinger
2
Takk for sist. Ansermets Stravinsky-innspelingar på Decca er ettertrakta varer. Ikkje så rart, for her går lyd og tolking opp i ei høgare eining. Eg har berre klart å klore til meg dei simplare Ace of Diamond-utgåvene, men har hatt gode stunder med dei.
 

Haavard

Hi-Fi freak
Ble medlem
30.11.2002
Innlegg
7.177
Antall liker
2.304
Sted
Lena
Torget vurderinger
1
Du får nyte dei siste dagane av ferien.
Du byrjar vel snart igjen du og ;D
Kva slags obskure Tom Waits fekk du tak i?

Håvard
 

LMC

Æresmedlem
Ble medlem
03.08.2006
Innlegg
25.359
Antall liker
14.541
Sted
Drøbak
Torget vurderinger
47
jeg fant 2 Proprius skiver på loppis i Lysekil
mvh
Leif
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
21.136
Antall liker
8.664
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
Haavard skrev:
Du får nyte dei siste dagane av ferien.
Du byrjar vel snart igjen du og ;D
Kva slags obskure Tom Waits fekk du tak i?

Håvard
Uff, ja, ferien sluttar på måndag. Då eg tok til i denne jobben, hadde vi 14 dagar meir fri pr år...
Det var vel berre "one from the heart", filmmusikk saman med Crystal Gayle som er obskur. Topp lyd, men musikk som berre er der, utan å skulle nokon stad (det er til tider forståeleg at nokre plater er sjeldne og ukjente) Den andre har du sikkert; "Blue Valentine" (ein klassikar, eigentleg?)
 
Topp Bunn