TEST: Dual CS 455-1 Noblesse - Ei positiv overrasking!

Dual_CS_455-1_Noblesse-7.jpg


Då eg oppdaga at Lydglede hadde Dual platespelarar i sortimentet, vart eg nyfiken. Dual er nok ein av dei platespelarprodusentane som har levert flest einingar opp gjennom åra. Ikkje slik at dei har laga dei mest ambisisøse designa – dei har heller brukt å gjere ting nøkternt, men sinnrikt og funksjonelt, slik at kunden får så mykje for pengane som råd. Så her prøver vi endå ein modell, denne gongen ein ganske rimeleg modell.

Som skribent er det sjølvsagt alltid moro å prøve ut toppmodellane. Men Dual er ganske uoversiktleg, og den mest ambisiøse modellen; «Primus Maximus» er ikkje norsk lagervare. Og sidan han manglar prefikset CS, er det ikkje sikkert at han er laga i Tyskland heller. Så eg fekk prøve ein CS 800, som er den nest dyraste av CS-modellane. Med denne gjekk det dårleg då eg skulle skifte pickup, så eg fekk tilsendt ein ny, rimelegare modell, CS 455-1 Noblesse, som ligg på like under 8 kilokroner. Denne spelaren var ein Limited Edition-utgåve i spesielt eksotisk treverk, men det finnest alternativ frå Dual, også billegare.

Som ein kan forvente, er pakkinga av CS 455-1 gjort på ein nøktern og effektiv måte, med dei ulike delane plassert på gjennomtenkt vis, slik at vårt kjære postverk ikkje kan lukkast i å påføre uhell (eg såg spelaren verte snudd på hovudet då eg henta pakken, men det gjekk fint). Under utpakking er det verd å merke seg rekkefølgja av delane, slik at du kan pakke spelaren ved seinare behov. Spelaren har flytande oppheng, som er festa med transportskruar, slik at du kan vere trygg på at opphenget er i orden. Dual var elles kjent for flytande oppheng som fungerte svært godt. Sjølv har eg prøvd ein femti år gammal variant som ikkje lot seg påverke med mindre du daska til spelaren, så om dette er like bra som i gamle dagar, lovar det godt....

Les heile testen av Dual CS 455-1 Noblesse i Audiophile.no

Dual_CS_455-1_Noblesse-5.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.676
Link til alle artikler
560
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
PLATESMAKING: Pink Floyd - Wish You Were Here 50. En legende på steroider?

PLATESMAKING: Pink Floyd - Wish You Were Here 50. En legende på steroider?

  • 2
Det mange jubileumsutgivelser for tiden, og for oss som traff perfekt på hoppkanten når det gjelder den musikalske timingen på oppveksten, er det 50-årsjubileum som er dominerende. For som jeg har...
Fortsett
Audiophile.no
LYS OG LYD – Stig Arne si dagbok november 2025

LYS OG LYD – Stig Arne si dagbok november 2025

  • 0
I serien “du kan nesten ikkje tru at det er sant” er me no komne til del 3, like smalt, og om mogeleg endå smalare. Denne gongen om korleis ljos kan verka inn på lytteintrykket. Det kan verka...
Fortsett
Audiophile.no
UDP800/900 MkII – ny generasjon fra HighEnd-produsenten Magnetar

UDP800/900 MkII – ny generasjon fra HighEnd-produsenten Magnetar

  • 1
For drøyt to år siden publiserte vi en test av Norges først eksemplar av HighEnd UHD-spilleren Magnetar UPD900. Nå har vi fått melding om at oppfølgeren UPD900 MkII er på vei til Norge sammen den...
Fortsett
Audiophile.no
FLEETWOOD MAC – LIVE 1975. Et samlerobjekt allerede utgivelsesdagen?

FLEETWOOD MAC – LIVE 1975. Et samlerobjekt allerede utgivelsesdagen?

  • 47
Dagens utgave av Platesmakingen skulle egentlig være en fempakning for å ta unna køa litt. Men det ble etter hvert klart at når jeg først kommer i gang med å skrive om gammel Fleetwood Mac, blir...
Fortsett
Audiophile.no
Rega Nd9 – Ny referanse Moving Magnet-pickup

Rega Nd9 – Ny referanse Moving Magnet-pickup

  • 0
Rega har lansert ND9, den nye toppmodellen i Nd-serien. Etter at Nd3, Nd5 og Nd7 har fått svært positiv mottakelse, er det grunn til å ha høye forventninger til ND9 – en pickup som tar Moving...
Fortsett
Audiophile.no
Radikal kundekveld med Klimax

Radikal kundekveld med Klimax

  • 0
Onsdag 26. november var det kundekveld hos Eksakt HiFi i Vibes gate 13. Kjennere vil vite at det er hevet over rimelig tvil at det ville handle om Linn, men hvilke Linn-inkarnasjoner var det som...
Fortsett
Topp Bunn