Tandberg system 11 bluetooth høgtalar

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Eg har bygd ein system 10 med bluetooth til meg sjølv, men synest at system 11 er finare, det blir nesten som ein gammal bordradio/reiseradio.
    Så denne tråden blir ein beskrivelse av ombygging av Tandberg system 11 til bluetooth høgtalar.

    Først litt om orginal konstruksjon.
    System 11 frekvensgang på mitt eksemplar.
    Tandberg system11 orginalB.JPG

    Som ein ser så er det lite bass og øvre diskant, men masse øvre mellomtone og nedre diskant. Det låter ganske tynt orginalt.
    Så her må vi nok laga eit nytt filter.

    Frekvengang på basselement uten filter:
    TS11_palisander_bass.JPG

    Sidan eg ønsker djupare bass, og eg liker ikkje akkurat resonansen på rundt 15kHz, så bestemte eg meg for å "coate" bassen, slik at membranen blir tyngre og stivare, samt bedre dempa. Måling på det kommer.

    Frekvensgang på diskant uten filter:
    TS11_palisander_diskant.JPG
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    "Coated" basselement sin frekvensgang er vist under.

    TS11_palisander_bass_olja4_m3.JPG


    Eg blei kvitt resonanstoppen rundt 15kHz, men samtidig blei det eit lite søkk rundt 2kHz, med topper på 1 og 3kHz. Dette må håndterast i filter. Ein kan også se at bassen går litt djupare i frekvens, om enn ikkje så mykje, så det trengs elektronisk hevning i tillegg.

    Etter ein del tester så endte eg opp med følgande filter:

    1669921015261.png


    Og simulert frekvensgang som følger:
    1669921079187.png


    Den målte frekvensgangen blei:
    TS11_palisander_v1a_m2.JPG


    Det er lagt inn slak dempning med stigande frekvens fordi det syntest eg låt best i testoppsettet. Men det kan vera at diskantnivået skal litt opp basert på erfaringa eg gjorde med tilsvarande System10 høgtalar. Eventuell elektronisk basshevning kommer i tillegg. Fleire bilder kommer snart.
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Under er bilder av SANWU bluetooth forsterkerkort. Det er basert på TPA3118d2 forsterkerkrets.
    Sidan dette blir ein monokonstruksjon så må signalet frå bluetooth kretsen miksast ned til mono, og i samme omgang legger vi inn eit bassløft.
    Så bruker vi ein forsterkar til diskant og ein til bass.
    Heldigvis så går lyden frå bluetooth krets gjennom seriemotstandane R1 og R2, så vi kan bytte desse ut med noen større 5,6K (orginalt 1K), og koble sammen endane som går videre til TPA3118. For bassløft så kobler vi ein motstand på 1,5K til jord i serie med 0,82uF. Men lodding her er noe dritt, det er så smått.
    Første kretsen hadde andre verdier på motstandane, men det var noe feil på TPA kretsen, så eg mått finna eit nytt kort (Kina kvalitet...)

    2022-09-27-0170.jpg
    2022-09-27-0171.jpg



    Basshevning 5,6k x2, 1,5k+0,82uF (+2,4dB@100Hz, +4,7dB@50Hz, +7,0dB@20Hz):
    1670438331850.png



    Innsida med bryter montert på front.

    2022-12-01-0190.jpg



    Frontbilde

    2022-12-01-0191.jpg



    Ny bakplate med 2,1mm kontakt til 12V forsyning, seriediode og motstand for lading, battery modul, og nytt delefilter for elementene. Det blir vanlige oppladbare AA NiMh batteri.

    2022-12-01-0192.jpg
     
    Sist redigert:

    AJ84

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    29.12.2013
    Innlegg
    285
    Antall liker
    52
    For bassløft så kobler vi ein motstand på 1,5K til jord i serie med 0,82uF.
    Interessant. Mulig jeg kopierer ditt arbeid her, men hvor setter du inn denne motstanden og evt kondensatoren?
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Dioden på 10A og motstand ligger i serie med 12V frå ekstern strømforsyning og blir kobla til pluss på batteriene. 1,5ohm motstand gjør at ladestrømmen blir ca 2A ved tomme batteri og mindre enn 60mA, men typisk 1mA, ved fulle batteri. På denne måten går ladinga automatisk over til vedlikeholdslading og strømforsyninga kan stå konstant i uten at batteriene tar skade.
    Kondesatoren du ser på bildet er ein ekstra 2200uF kondensator som blir kobla på kretskortet. Bilde kommer seinare. Dette bildet blei tatt etter at det første kortet viste seg å ha ein feil, og dermed tatt ut.
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    IMG_20221208_211844506.jpg
    IMG_20221208_211944060.jpg

    På bildet ses 1,5k og 0,82uF i serie kobla til jord(minus terminal på 330uF kondensator). 1,5k er kobler sammen R1 og R2 enden som går videre til forsterkarkrets. 5,6k for kvar kanal blir så kobla inn der R1 og R2 var. Ellers så er det kobla inn ein ledningsbit ekstra på antenna for å få bedre dekning på Bluetooth. Det er også kobla inn RC-legg på forsterkar-trinnet for å forbedra overgangen ved dødtid, men dette er strengt tatt ikkje nødvendig, og det drar ekstra strøm, sjølv uten signal.


    IMG_20221208_212232391.jpg


    Mangler batteri i, men har starta testing/tuning av filter, og ganske riktig, så må eg nok fjerna litt dempning på diskanten.
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Eg måtte heva diskanten litt i forhold til filter vist over. 6,8ohm bytta ut med 4,7ohm.
    Filter og simulert frekvensgang er vist under.

    1672053402862.png

    1672053444275.png
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Har testa litt forskjellige element med tanke på system 11, 12 og 20. Kjøpte noen bil-coaxer, Audison APX6.5 og Focal ACX 165, ikkje dyre.
    Tenkte at desse kunne vera eit alternative med diskant i forkant av bass.
    Resultatet er ikkje "verre" enn orginalen, med unntak av meir ujevn diskant, noe eg forventa, med tanke på kvaliteten på diskantelementa på coax'ane, men også eit resultat av diskantrefleksjoner frå holrommet. Begge coax'ane må nok ha anna filter enn det innebygde, og dei gir ikkje meir bass enn orginalen. Det kan kanskje fiksast med å beskjæra det indre opphenget for å få lågare Fs, og samtidig lågare Qts. Begge elementa har i utgangspunktet litt høg Fs & Qts. Audison Fs=80, Qts=0,73, Focal Fs=80, Qts=0,95.

    System 11 orginal frekvensgang under:
    Tandberg system11 orginalB.JPG


    Audison APX6.5:
    Audison APX65 coax i TS11 kasse.JPG


    Focal ACX 165:
    Focal ACX-165 coax i TS11 kasse.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Audison APX6.5 har konsentrisk diskant, som bruker bassemembranen som bølgeleder. Men det gjør også at diskanten kommer lengre vekk frå fronten og dermed vil holrommet kunna påvirka frekvensgangen meir enn om diskantelementet var nærmare fronten, noe målingane antyder.
    Focal ACX165 er ein meir tradisjonell coax, med diskant montert separat i forkant av basselement, og diskanten kommer dermed nærmare fronten. Men ein slik montering av diskanten kan gi problemer med refleksjoner frå membranen som ligger bak.
    Så det var interessant å måla diskantane i anna kasse enn System11, så det blei gjort. Grafer vist under for Audison. Kurver for Focal kommer seinare.
    Er ikkje imponert over Audison diskant her. Hadde forventa bedre frekvensgang av den. Legg merke til 1/12-oktav-kurvene.

    Audison diskant i kasse uten "front", med innebygd filter(4,7uF kondensator):
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-med-filter-4.7uF.JPG

    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-med-filter-4.7uF_1-12okt.JPG


    Sidan eg kom til, så kunne eg måla Audison diskant uten filter (kondensator), og det ser slik ut:
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-uten-filter.JPG

    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-uten-filter_1-12okt.JPG
     

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Focal diskantmåling i anna kasse enn System 11, med innebygd filter (kondensator) er vist under. Denne er heller ikkje bra, men det er nok ein diskant med resonansfrekvens rundt 2kHz, som jo er noe...
    Bassfrekvensgangen er ganske bra, men 5-20kHz bør filtrerast ut så det ikkje interfererer med diskanten.
    Legg merke til at totalfrekvensgangen er forskjellig i System 11 kasse versus "normal"-kasse.
    Tandberg System 11 kassen forsterker området 500-1500Hz pga holrommet i front av elementet.

    Focal diskant:
    Focal_ACX165coax_i-25liter-lukka-kasse_diskant-element.JPG


    Focal bass (i 25 liter kasse):
    Focal_ACX165coax_i-25liter-lukka-kasse_bass-element.JPG


    Focal total (i 25 liter kasse):
    Focal_ACX165coax_i-25liter-lukka-kasse.JPG


    Focal total i Tandberg System 11 kasse:
    Focal ACX-165 coax i TS11 kasse.JPG
     
    Sist redigert:

    kkj

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    20.04.2019
    Innlegg
    102
    Antall liker
    104
    Sted
    Arendal
    Har testa litt meir på Audison 6,5 toms coax. Kurvene ser venstlig bedre ut "off-axis", feks 30-45 grader ut til sida for diskanten.
    Men det er for mykje overlapp mellom bass og diskant, så kondensatoren på 4,7uF bør byttast ut med ein mindre. Bassen burde også ha ein spole i serie for å "rulla" av over 3,5kHz. Skal testa ut dette.

    Audison 6,5t i ein vanlig 25 liters kasse. (det viser at det er for masse energi i diskant spesiellt i 3-6kHz området.
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse.JPG


    Audison 6,5t bass-frekvensgang i vanlig 25 liters kasse. Bassen spiller fullt volum opp til 4kHz, og har også ganskje mykje nivå rundt 15kHz. Det bør filterast vekk med ein spole.
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_bass-uten-filter.JPG


    Audison diskant med 4,7uF (innebygd) kondensator. Her ser ein også ein topp ved 4kHz, som sammen med bassen sitt nivå her gir for mykje lyde i dette området.
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-med-filter-4.7uF.JPG


    Audison diskant uten filter, og 30 grader til side.
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-uten-filter_uten-fase-plugg_30grader.JPG


    Audison diskant uten filter 45 grader til side. Dette ser ganske bra ut, så montering nederst på dør i bil bør fungera rimelig bra, med unntak av for mykje energi rundt 4kHz.
    Audison6.5t-coax_i_25liter-lukka-kasse_diskant-uten-filter_uten-fase-plugg_45grader.JPG
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn